Hjem
Middelalderklyngen
paneldebatt

Å bygge nytt på gamal grunn

Velkommen til debatt på Litteraturhuset om byplanlegging og kulturhistorie – og skuldingar om kjedeleg byarkitektur.

Bygge nytt på gamal grunn
Den eldre bystrukturen er med på å gi dagens by både identitet og særpreg, men også utfordringar og føringar for den moderne byplanlegginga.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Å bu og leve i ein gamal by gir både glede og utfordringar. Den eldre bystrukturen er med på å gi dagens by både identitet og særpreg, men også utfordringar og føringar for den moderne byplanlegginga. Utbyggarar, arkitektar og byplanleggarar må ta omsyn til byens historie. Ein skal ta vare på både bygningsmassar og bystruktur, samtidig som ein skal utvikle ein moderne og framtidsretta by.

Korleis kan vi få ein god balanse mellom fortid og framtid, og mellom bevaring og utbygging? Ligg den historiske byen i vegen for utviklinga? Kva slags forventningar kan ein eigentleg ha til moderne arkitektur i en historisk by?

I panelet:

  • Johanne Gillow, byantikvar i Bergen
  • Thor Haakon Bakke, byråd for klima, miljø og byutvikling
  • Anders Rubing, arkitekt og doktorgradskandidat (UiB)
  • Harald Schjelderup, administrerende direktør i BOB

Debattleiar er Kristine Askvik.

Arrangementet er gratis og åpent for alle interesserte!

Arrangementet blir strauma og tilgjengeleg i oppptak:

Å bygge nytt på gamal grunn