Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Fransk hofflitteratur i Bergen i middelalderen

Velkomen til foredrag i Dyvekes vinkjellar med professor i nordisk språkvitskap, Ingvil Brügger Budal.

Håkon Håkonsson og sønnen Magnus portrettert i manuskriptet Flateyjarbok.
Håkon Håkonsson og sønnen Magnus portrettert i manuskriptet Flateyjarbok.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Professor i nordisk språkvitskap, Ingvil Brügger Budal, held foredraget «Fransk hofflitteratur i Bergen i middelalderen».

I innseglinga til Bergen tårnar Håkonshallen, og har, frå siste halvdel av 1200-talet, vist makta, rikdomen og kulturen som ventar i byen. Ein del av denne kulturen er høvisk litteratur omsett frå fransk, dels tinga av Håkon Håkonsson (1204–1263). Her finst forteljingar om høviske riddarar, edle kampar, altoppslukande kjærleik og litt magi – men også om lyst, ære, skam og sex. Nokre er klassikarar og verdskjende, slik som Tristrams saga ok Ísǫndar, den eldste kjende versjonen av forteljinga om Tristan og Isolde. Andre finst berre overleverte i norrøne omsetjingar, og vitnar slik om tapte gammalfranske tekstar.

Me skal i dette foredraget sjå på nokre dei omsette tekstane, snakka litt om kvifor dei vart omsette, men leggja mest vekt på korleis dei endrar seg i omsetjing og overlevering. Budal lar oss møta ein lojal varulv og den naselause kona hans, eit gjestebod og ei magisk kappe, og kjem innom kva som er drivkrafta bak alle riddardådar.

Alle er velkomne og foredraget er gratis!