Hjem
Middelalderklyngen
Workshop

Scandinavia and the Low Countries: Connections Across the North Sea c. 1100-1400

Workshop om økonomiske, religiøse og kulturelle kontaktar mellom dagens Belgia og Nord-Frankrike og dei skandinaviske landa i høgmellomalderen.

Gammelt kart over Nordsjølandene
Flandern, særleg Brugge, var eit sentrum for handel og skipsfart, der skandinavar steig i land for å reisa vidare over land når dei hadde ærend på kontinentet. Korleis har denne kontakten påverka skandinavisk handskriftskultur?
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Forskarar frå sju land møtest for å diskutera økonomiske, religiøse og kulturelle kontaktar mellom dagens Belgia og Nord-Frankrike og dei skandinaviske landa i høgmellomalderen.

Den tverrfaglege workshopen "Scandinavia and the Low Countries: Connections Across the North Sea c. 1100–1400" inngår i postdoktorprosjektet til Synnøve Midtbø Myking, "Flanders, Norway, and Denmark: Relations and Intertextual Exchanges in the High Middle Ages (ca. 1080-1383)", som er finansiert av NFR og varer fram til juni 2023.

Prosjektet ser på kontakten mellom Flandern, Noreg og Danmark i høgmellomalderen, og korleis denne kontakten påverka skandinavisk handskriftskultur. Flandern, særleg Brugge, var eit sentrum for handel og skipsfart, der skandinavar steig i land for å reisa vidare over land når dei hadde ærend på kontinentet. Me veit at nordmenn, danskar og svenskar vitja Brugge og området rundt, men det er til no forska relativt lite på denne kontakten, og endå mindre på korleis han påverka utviklinga av skrift- og bokkultur i Skandinavia.

Prosjektet undersøkjer norsk og dansk handskriftsmateriale, med vekt på fragment. Dette kjem av at dei fleste bøkene frå norsk og dansk mellomalder berre har overlevd i fragmentert tilstand, «resirkulerte» som innbindingsmateriale på 15- og 1600-talet.