Hjem
Middelalderklyngen
middelalderuken 2022

Grýla: Kor mykje av soga om seg sjølv dikterte kong Sverre?

Velkomne til føredrag i Dyvekes vinkjeller med førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen, Rune Kyrkjebø.

Landskap i Húnafjörður nordvest på Island
Landskap i Húnafjörður nordvest på Island. Tingøyreklosteret låg i området. Karl Jónsson (1135-1213) var abbed der. Han samarbeidde med kong Sverre om skrivinga av Sverresoga.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen, Rune Kyrkjebø, held føredraget «Grýla: Kor mykje av soga om seg sjølv dikterte kong Sverre?».

Sverresoga er eit karakteristisk verk som har hatt definerande kraft i norrøn litteratur. Soga var tidleg skriven, kanskje før år 1210, og ho er tett på hendingane og personane i handlinga. Ikkje minst er soga tett på kong Sverre sjølv, som hadde ei aktiv rolle i samarbeid med den lærde kyrkjemannen Karl Jónsson då soga først vart til. Ho er detaljrik og røyndomsnær, og ho er prega på same tid av klassiske norrøne sagatrekk og tidas lærde og religiøse danning med fintilpassa bibelallusjonar. Spørsmål om tilblivinga av soga har oppteke filologar i lang tid, særleg spørsmålet om Grýla, soga sin første del. 

I føredraget skal vi freiste å kike inn i vitskapens rom og sjå nærare på Sverresoga. Eitt emne er dei forteljetekniske og språklege tinga som gjer at Sverresoga framstår så «livs levande» som ho gjer. Eit anna emne er korleis ein kan skilje mellom ein første og ein andre del av soga. Det har vore ein lang diskusjon om dette, og eit spørsmål der er kor mykje av stoffet som kom frå Sverre sjølv. 

Verket sin samansette natur er fascinerande – det ikkje finst ikkje eitt enkelt svar på kva slags soge dette er. 

Alle er velkomne og det er gratis inngang!