Hjem
Middelalderklyngen
middelalderuken 2022

Fragment frå mellomalderbøker i norske samlingar

Postdoktor i mellomalderfilologi Synnøve Midtbø Myking gir smakebitar av det store mangfaldet av manuskriptfragment i norske bibliotek og arkiv.

Fragment frå mellomalderbok
I mellomalderen fanst det tusenvis av handskrivne bøker i Noreg, men dei fleste har gått tapt utan spor. Berre eit fåtal handskrift har overlevd i intakt tilstand.
Foto/ill.:
Bryggens Museum

Hovedinnhold

I mellomalderen fanst det tusenvis av handskrivne bøker i Noreg, men dei fleste har gått tapt utan spor. Berre eit fåtal handskrift har overlevd i intakt tilstand, og av desse er berre kring 15 på latin. Til gjengjeld har me fragment frå mange fleire handskrift enn dette, spreidde blant norske bibliotek og arkiv. Den største samlinga finn me i Riksarkivet, der forskarar har identifisert fragment frå ca. 1200 bøker på latin og ca. 100 bøker på norrønt. Fragmenta vart hovudsakleg nytta som innbindingsmateriale på 15- og 1600-talet.

I foredraget får me smakebitar av det store mangfaldet som fragmentsamlingane representerer. Me møter handskrift som spenner frå det kvardagslege til det forseggjorde, me undersøkjer fragment frå bøker skrivne i England, Frankrike og Italia, og me fylgjer sporet av ein skrivarverkstad i Bergen tidleg på 1200-talet.

Synnøve Midtbø Myking er postdoktor i mellomalderfilologi ved Universitetet i Bergen. Ho har skrive doktoravhandling om fragment frå franskproduserte bøker i Riksarkivet, og arbeider for tida med eit prosjekt om kontakten mellom Noreg, Danmark og Flandern i mellomalderen.

Hjarteleg velkomne!

Billett til forelesinga kan kjøpast her