Hjem
Middelalderklyngen
middelalderuken 2022

Kanonisk rett sin innverknad på prosessrett i mellomalderen

Velkommen til opne føredrag med ekspertar frå inn- og utland.

Decorated initial to the first chapter of the Section on Christianity in the Norwegian Code of the Realm of 1274, GKS 1154 fol. “Codex Hardenbergianus”
Dekorert initial til første kapittel av Kristendomsbolken i Magnus Lagabøters landslov av 1274, GKS 1154 fol. “Codex Hardenbergianus”.
Foto/ill.:
Nasjonalbiblioteket

Hovedinnhold

Kanonisk rett er den katolske kyrkja sin rett, og i mellomalderen sto den sentralt i utviklinga av ein prosessrett som ein framleis ser spor av i moderne rett. Den kanoniske prosessretten vart praktisert i heile Europa i kyrkjelege domstolar, og var også gjenstand for stor interesse frå kanoniske juristar. Dette bidrog til at kanonisk rett tidleg vart ei overnasjonal kjelde til rettsleg utvikling og innverknad på retten i Europa.

Kanonisk rett sin innverknad på prosessrett i mellomalderen er tema for eit internasjonalt og tverrfagleg seminar på Det juridiske fakultet 25. og 26. oktober. På seminaret vil det verte delt ny kunnskap og diskutert mogelegheiter for vidare forsking på emnet.  

Dei som er interesserte i møtet mellom åndeleg og verdsleg makt i mellomalderen, og som ynskjer å lære meir om funksjonen av kyrkjelege domstolar og korleis den katolske kyrkja virka inn på samfunnet og utviklinga av retten i mellomalderen, er alle hjarteleg velkomne til opne føredrag på Det juridiske fakultet med ekspertar frå inn- og utland.

Seminaret er del av forskingsprosjektet Crossing Jurisdictional Borders: The Influence of Canon Law on Medieval Procedural Law, leia av postdoktor Brage Thunestvedt Hatløy ved Det juridiske fakultet.

Seminaret og alle innlegg vil vere på engelsk.

Opne føredrag

25. oktober kl. 10.15–12.00, Auditorium 2, Det juridiske fakultet
  • Helle Vogt (Professor, University of Copenhagen)
    Canon law, secular law or just medieval law? Law in thirteenth century Scandinavia
     
  • Jørn Øyrehagen Sunde (Professor, University of Oslo)
    Poena latae sententiae – A disputed principle in Norwegian medieval law?
     
  • Remco van Rhee (Professor, Maastrict University)
    Medieval Canon Law and Civil Litigation at European Superior Courts
26. oktober kl. 10.15–12.00, Auditorium 3, Det juridiske fakultet
  • Anders Winroth (Professor, University of Oslo)
    Church courts in Scandinavia during the Middle Ages
     
  • Kirsi Salonen (Associate professor, University of Bergen)
    Court processes before the Sacra Romana Rota
     
  • Sarah White (Lecturer, Lancaster University)
    Practise and Practitioners: Canon Law and Common Law in Conversation