Hjem
Middelalderklyngen
middelalderuken 2022

Kystpilegrimsleia og Selja kloster

Velkomen til opa samling om pilegrimsleia langs kysten og Selja kloster, med ruinprosjekt og 3D-animasjon.

Selja kloster sett ovanifrå
På øya Selja i Stad kommune, er ruinane etter Selje kloster framleis godt synlege.
Foto/ill.:
Inger-Marie Aicher Olsrud, Riksantikvaren

Hovedinnhold

Kystpilegrimsleia er ei spektakulær og vakker reise langs kysten med fjordar, øyer, holmar og skjær – ei saga frå viking til pilegrim. Reisa startar i Egersund og endar ved nasjonalheilagdomen Nidaros domkyrkje i Trondheim. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537.

På Selja foregår det for tida eit ruinprosjekt ved Riksantivaren. Dessutan har det nyleg blitt laga ein 3D-animasjon av selja kloster og helgananlegg slik det kan ha sett ut på byrjinga av 1300-talet.

Torsdag får du høyre meir om både pilegrimsleia og Selja kloster, ruinprosjekt og animasjon.

Program

18.00

Kystpilegrimsleia – ei pilegrimslei over hav og land, v/Tonje Ramse Trædal, dagleg leiar Selje Regionale Pilegrimssenter

18.10

Kystpilegrimsleia – ei reise som rører, v/Lauritz Haarr, dagleg leiar Bergen Regionale Pilegrimssenter

18.25

Presentasjon av 3D-animasjon av Selja kloster og helgenanlegg v/Tonje Trædal og Åslaug Ommundsen, fagleg leiar i Mellomalderklynga

Velkomne!