Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Seminar

Seminar om velferd og reform i islamsk juridisk tenking

Forskarar ved AHKR har i dei siste åra deltatt i eit EU-finansiert forskingsprosjekt om ”korleis fortida blir brukt i nåtida”, med tittelen ”Understanding Shari’a: Past Perfect, Imperfect Present”.

Hovedinnhold

Kvifor har Gud oppretta shariaen som muslimanes lov? Det er eit spørsmål som islamske teologar og juristar har drøfta i århundrar, og det er eit viktig tema for dei som vil reformere lova i vår tid. Eit svar mange har gitt er at Gud ønsker menneskets velferd, på arabisk ”maslaha”. Dette må derfor ligge til grunn for lovtolkinga, meinte mange: lova må tolkas på ein slik måte at den gir mest mulig velferd, ut frå den måten vi rasjonelt kan utlede kva som er til beste for mennesket. Mot dette har andre teologar hevda at ein må følge lova bokstavrett, og at berre Gud kan vite kva slags velferd Han la til grunn.

 

Desse klassiske ideane har, som ein kan forstå, blitt sentrale i debatten om det er mulig å reformere islamske lover til vår tid: kan vi endre lovtekstene og reglane ut frå dei moralske målsettingar vi kan lese ut av dei klassiske kjeldene? Eller må vi prøve å best mulig gjenskape Profeten Muhammads samfunn og tid?

 

Forskarar ved AHKR har i dei siste åra deltatt i eit EU-finansiert forskingsprosjekt om ”korleis fortida blir brukt i nåtida”, med tittelen ”Understanding Shari’a: Past Perfect, Imperfect Present”. Vi i Bergen har fokusert m.a. på diskusjonane rundt ”Guds hensiktar” og ”menneskelig velferd”, som også knytter seg ”legitimt styre” (altså styre som fremmer velferd), siyasa shar’iya.

 

I samband med eit seminar om dette temaet, vil det bli halde ei open gjesteforelesing onsdag 18. april, kl. 18.00, ved professor Mohammad Fadel, universitetet i Toronto, med tittel ”The Meaning of Maslaha, and Its Place in Sunni Political Thought”. Professor Fadel har publisert ei rekke arbeid i middelalder- og moderne historie, men er kanskje spesielt kjent for arbeida om islamsk reform, og korleis ein skal komme over skillet mellom islamsk tradisjon (som må forståas dynamisk) og moderne lovgiving. Han har også vore aktiv i normative drøftingar om islamsk reform, men med ein faglig basis i kunnskapen i juridisk og teologisk historie.

 

Gjesteforelesinga finn stad  onsdag 18. april, kl. 18.00 - 19.30, i Bergen Ressursenter for Internasjonal Utvikling, Jekteviksbakken 31 (”Juss II”, bygget nedanfor Dragefjellet skule). Alle er velkomne!