Hjem
Aktuelt

Styrke i samspel - LANSERINGSWEBINAR

Er du opptatt av samhandling? Idrett, fysisk aktivitet og folkehelse? Vil du lære meir om folka bak Idrettsklynge Vest og kva vi driv med?

Idrettsklynge vest
Her kan du se lanseringswebinaret tirsdga 9. mars fra klokken 13.
Foto/ill.:
Idrettsklynge vest

Hovedinnhold

Gjennom dette webinaret vil vi feire vårt namnebyte, frå Idrettscampus Bergen til Idrettsklynge Vest og i den anledning ein skikkelig revitalisering av oss sjølve.Vi vil feire at våre 8 aktørar også i fortsettelsen vel å sjå til kvarandre for å lære meir, spele kvarandre gode og løyse samfunnsutfordringane både raskare og betre.

Du får høyre om

  • Tommy Urhaug, toppidrettsutøvaren som jobbar på sjukehuset, og korleis samhandling kan gjere at fleire opplever meistring i idrett og fysisk aktivitet
  • korleis vi jobbar på tvers av idrett og kultur om å få store arrangement til Bergen og Vestland.
  • studentar som har fått jobb i vårt fagfelt gjennom å skrive sine oppgåver i skjeringsfeltet mellom organisasjonane.
  • toppidrettsutøvarar som betrar sin eigen prestasjon gjennom å hjelpe andre
  • forskarar som skal undersøke samanhengane mellom gaming og fysisk aktivitet, og kva tips SK Brann sin eigen e-sport spelar kan komme med til gamere og foreldre
  • legar og fysioterapeutar som jobbar for å fremje gjennomføring i kroppsøvingsfaget.
  • korleis vi samlar ungdomsråd på tvers for å verkeleg ta ungdommens stemme på alvor.

Avslutningsvis har vi invitert følgande til å snakke litt om kvifor Idrettsklynge Vest skapar styrke i samspel:

Jon Askeland (fylkesordførar Vestland fylke)
Randi-Luise Møgster (vise administrerande direktør Helse Bergen)
Nils R. Sandal (styreleiar Vestland idrettskrets)
Gro Anita Fonnes Flaten (prorektor for forskning Høgskulen på Vestlandet)

Det blir ingen powerpoint, kun lidenskapelige mennesker som fortel om det dei brenn for, krydra med gode eksempel frå vårt arbeid. 

Om Idrettsklynge Vest:
Sidan 2016 har 8 store og tunge aktørar på Vestlandet samhandla gjennom det som har vore kalla Idrettscampus Bergen. Desse aktørane er Vestland idrettskrets, Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.

Målet har vore å styrke samhandlinga kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse, gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og -formidling. Resultata og erfaringane frå dette samarbeidet har gjort at desse aktørane no ynskjer å forplikte seg enda meir til kvarandre, fordi ein ser at vi har alt å vinne på å spele kvarandre gode. I år vedtok vi derfor å ta dette samarbeidet vidare gjennom Idrettsklynge Vest, og jobbar etter visjonen STYRKE I SAMSPEL.