Hjem
Aktuelt
UiB innsikt

UiB Innsikt: Klasselaust samfunn, klasselaus politikk?

Arbeidere ved BMV Laksevåg, mellom 1914 og 1918.
Arbeidslag ved BMV Laksevåg. Bildet er tatt av en ukjent fotograf en gang mellom 1914 og 1918.
Foto/ill.:
Universitetsbibliotekets bildesamling - ubb-bs-ok-06785. Ukjent fotograf

Hovedinnhold

Arbeidarar røysta Arbeidarpartiet, bønder heldt seg lojalt til Senterpartiet, medan leiarar og eigarar i privat sektor like sjølvsagt plukka med seg ein Høgre-setel på veg til valurna. Ja, går vi eit par generasjonar tilbake i tid, gav partivalet seg sjølv for svært mange nordmenn, ut frå kva yrke dei hadde og kva samfunnsklasse dei kjende seg som del av.

Men det norske samfunnet er gjennomgripande endra sidan den gong, og det same er det politiske landskapet. Sambandet mellom parti og veljarar er vorte langt lausare. Nye politiske konfliktliner er komne til, medan einskilde stridsspørsmål som mobiliserte veljarane dei fyrste tiåra etter den andre verdskrigen, i dag er for dei spesielt interesserte. 

Kva har skjedd på denne vegen? Er klassekampen eit tilbakelagt stadium i norsk historie, eller er Noreg framleis eit klassesamfunn? Er nordmenn medvitne om kva klasse dei høyrer heime i, og kva gjer dei – og kva kan dei gjere – for å ivareta klasseinteressene sine på politisk arenaer?
 
UiB Innsikt har sett saman eit panel av Hans Olav Lahlum, Frøy Gudbrandsen og Steinulf Tungesvik for å diskutere desse spørsmåla. Undervegs får vi òg påfyll av fersk, statsvitskapleg forsking på korleis politiske meiningsdanning føregår, ved hjelp av professor Elisabeth Ivarsflaten og stipendat Marta Rekdal Eidheim.

Forfattar og historikar Hans Olav Lahlum innleiar til diskusjonen i form av eit sveip gjennom den politiske historia, der han særleg vil leggje vekt på kva som har skjedd med den norske arbeidarklassa. Lahlum er mellom anna kjend for biografiar over sentrale personar innan arbeidarrørsla, og er sjølv politisk aktiv i Sosialistisk Venstreparti. 

Frøy Gudbrandsen er sjefredaktør i Bergens Tidende, der ho òg har arbeidd i ei årrekkje som politisk kommentator. Ho har doktorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og skreiv avhandlinga si om skandinavisk integrasjonspolitikk. 

Steinulf Tungesvik har hatt fleire politiske og organisatoriske verv i Senterpartiet, m.a. som gruppesekretær i Stortinget og statssekretær i Bondevik I- og i Stoltenberg II-regjeringa. Han er utdanna jurist frå Universitet i Oslo, og har arbeidd som dommarfullmektig og advokat.

Elisabeth Ivarsflaten er professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ved UiB og er initiativtaker til Norsk Medborgerpanel.

Marta Rekdal Eidheim er stipendiat ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ved UiB og er tilknyttet både DIGSSCORE og Norsk Medborgerpanel. 

Debattleiar er Yngve Flo, professor i politisk historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved UiB.

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Velkommen!

Kan du ikkje kome? Du kan følgje sendinga fra Universitetsaulaen live og i opptak her: https://youtu.be/8iKwW2TNlSY