Hjem
Universitetshagene

Planting av framande treslag før Arboretet blei etablert

Barskogen til heradskogen på Milde vart tidlegare nytta til forsøk av nye, utanlandske treslag. Desse utgjer i dag eit variert mangfald av skogstre som veks i grupper inniblant den stadeigne vestlandsfurua.

Hovedinnhold

Vår eldste teig av sitkagran ved Mørkevågen er no så lysopen at det veks eit fint grønt teppe av mose i skogbotnen. Grana på biletet er spesielt artig fordi ho har tatt eit godt grep om ein svær kampestein. 

Desse plantingane vart utført så tidleg som i 1928, då dei første sitkagranene var på plass ved Mørkevågen nord i Arboretet. Grana vart planta på dei beste bonitetane, mens furu vart ståande att på dei meir skrinne områda. Furua tek me i dag godt vare på som hovudtre i skogen fordi ho er vakker, spesielt når den etter kvart blir gammel. Mange av trea i dagens furuskog er godt over hundre år. Furu tar lite næring og lys, og den har derfor ein viktig funksjon som skjermtre for nyplantingar av rhododendron og andre frostutsette treslag.   

Dei innførte treslaga som no er gamle nok til å setje frø, gjer oss god kunnskap om potensiale og ulempe ved spiring og spreiing av nye frøplanter. Størst merksemd har det vore med spreiing av frøplanter frå sitkagran og hemlokk, men med våre rutinar for skjøtsel av plantefelt er ikkje dette noko stort problem. 

Dei første plantingane førte til rask oppvekst av ny skog som måtte stellast. Etter 1955 vart heradskogmeister Gunnar Jebsen engasjert av gardsstyrar Ivar Føyno til å laga planer for hogst og nyplanting i Milde heradsskog.