Hjem
Universitetshagene

Ein riktig juleblom

Det er nesten utruleg at julerosa kan vekse og bløme midt i mørketida med temperaturar på nokre få plussgrader.

Hovedinnhold

Til vanleg er det sjeldan å få arter av julerose (slekta Helleborus) i blom til jul slik namnet tyder. Men i år har vi hatt ei blømande julerose ved Lynghagen i heile desember. Planta er ikkje ein rein art, men ein av dei mange hybridane som finst i slekta Helleborus. Artane og dei naturlege hybridane mellom desse viser stor variasjon, slik at det er vanskeleg å bestemme dei med heilt sikre namn. Julerosa er hos oss registrert som Helleborus purpurascens, men denne reine arten skal ha meir sagtagga og smalare blad enn den som veks ved Lynghagen.

Eit anna artsnamn som har vore brukt på denne tidlege julerosa er Helleborus atrorubens, men det korrekte namne er truleg Helleborus x hybridus ‘ Early purple’, foreslått av ein av ekspertane på Helleborus.

Med den milde hausten me hadde i år, kom denne julerosa med dei fyrste blomande alt i slutten av november, og den står no med mange knoppar som vil opne seg meir så snart det kjem fleire milde dagar i jula og utover.