Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Masterstudent og medforfattar på artikkel

I løpet av studietida dagdrøymer ein kanskje om å gjere viktige oppdagingar innan molekylærbiologien som kan ha ringverknadar for vidare forsking. Nokon masterstudentar får resultat som viser seg å byggje opp om ei eller fleire hypotesar som forskingsgruppa jobbar med, og får vere med som medforfattar i artiklar.

Hovedinnhold

 

Det nyaste tilskotet i rekkja er Monica Dalva, masterstudent i molekylærbiologi ved Molekylærbiologisk institutt. Ho er student i forskar Thomas Arnesen si gruppe, som jobbar med molekylær og cellebiologisk forsking av proteinmodifikasjonar. Kva tankar har Monica Dalva rundt det å vere medforfattar til ein artikkel?

Det å sjå namnet sitt i ein forskingsartikkel er verkeleg noko for seg sjølv, nesten ubeskriveleg. Det heile var litt fjernt i byrjinga, men etterkvart får ein ei kjensle av å ha medverka til noko viktig. Den kjensla er fantastisk.

 Min del av forskingsprosjektet går ut på å studere den humane N-terminal acetyltransferasen hNaa40p. Dette er ei relativt open oppgåve som gir meg moglegheit til å studere hNaa40p både in vitro og in vivo, der det er sistnemnte område som eg har konsentrert meg om fram til no. Dette er ei utruleg spanande og godt variert oppgåve. Eg er veldig takksam for at Thomas Arnesen såg mine mål og ønskjer for masteren, og at han slik gav meg ei oppgåve eg kan vekse på.

Eg bidrog med fleire ting til artikkelen. Konstruksjon av plasmid for in vitro og in vivo analysar. Konstruksjon av ein in vivo gjærmodell med villtype-stammar som utrykkjer yNaa40p,  yNAA40 delesjonstammar og yNAA40 delesjonstammar som uttrykkjer hNaa40p (y står for yeast; h står for human). Eg gjennomførte også ei histonisolering av gjærstammane som vart sendt til Petra Van Damme (Universitetet i Gant, Belgia) for vidare acetyleringsanalyse.

Det har vore mykje arbeid i forkant av artikkelen, sidan forsøka har teke tid. Eg har til tider vore på laboratoriet til seint på kveld og i helgane. Men eg vil seie at kvelds- og helgearbeidet har vore på eige initiativ. Det har ikkje vore noko press frå rettleiarane mine, kun god støtte og inspirasjon.

Eg byrja på masteroppgåva samstundes som eg tok emne i mastergraden. Kombinasjonen emne og masteroppgåve har i grunnen gått greitt, det heile handlar om planlegging og ikkje minst å ha glede i kva du gjer. Det hadde nok ikkje gått like bra om ikkje dette var det kjekkaste eg visste. Brenn ein for noko, så er alt mogleg.

Det betyr ikkje at alt har gått knirkefritt på laboratoriet. Det har vore tider med motgang, men kor kjedeleg hadde det ikkje vore viss alt hadde gått på skinner? Det er sjølvsagt kjedeleg med motgang, men det set også i gang arbeidsmotivasjonen og gir auka kunnskap. Når noko går gale får ein moglegheit til og lære og prøve ut nye metodar ei elles ikkje ville fått prøvd.

Målet vidare er å fullføre mastergrada neste sommar, og så får vi sjå kva som dukkar opp. Eg har sjølvsagt eit ønskje om å ta ein PhD her ved MBI, som har dyktige tilsette, høg kompetanse innan fagfeltet og eit utrolig flott miljø. Men å flytte heim igjen til Ålgård er også ein drøm eg har.

Ein ting er i alle fall sikkert, eg kjem uansett til å fortsette med det eg likar aller best, nemleg molekylærbiologisk forsking.