Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Gunnar Mikalsen Kvifte - Doktorand, Universitetet i Kassel

Hovedinnhold

Å byrje å studera biologi ved BIO i Bergen er nok det luraste eg har gjort.

Namn:Gunnar Mikalsen Kvifte 

Noverande jobb: Doktorand, Universitetet i Kassel 

Utdanning:Master i Biodiversitet, Evolusjon og Økologi frå UIB 

Kva gjer du no?
Eg prøvar å forstå korleis anatomien til insektgruppa sommarfuglmygg er bygd opp, og kvifor insektgenitalia ofte kan bli asymmetriske. Eg gjer dette ved å laga og samanlikna anatomiske preparat frå ulike artar, i lys av den mest sannsynlege evolusjonshistoria til gruppa.

Vidare arbeider eg mykje med biologisk mangfald i Europa, Afrika og nyleg Mellom-Amerika. Her samlar eg inn eksemplar og prøvar å finna ut kva art dei høyrer til, for å få ein idè om kva artar som finnest kvar og kor mange artar det finnest. Sidan biologisk mangfald er særs dårleg kjend, finn eg særs ofte dyr som ikkje høyrer til nokon beskriven art; desse beskriv eg som nye. Eg jobbar òg med å finna ut nye måtar å skilje artar på, mellom anna med DNA-metodar.


Kva er du mest nøgd med i din noverande jobb?
Eg har høve til å arbeide med særs viktige og meiningsfulle ting, på fulltid. Arbeidet mitt med genitalieevolusjon kan bidra til djupare generell forståing av korleis evolusjonen verker, og arbeidet mitt med biologisk mangfald er direkte knytt til det mest alvorlege miljøspørsmålet i vår tid (tap av artar).

Kva relevans har det du har lært ved BIO og UiB for deg i den jobben du no har?
På mange måtar er doktorgradsstudiet ei direkte forlenging av mastergradsstudiet, og det ein gjer som del av mastergraden vert i høgaste grad brukt i doktorgraden òg.

Har du tips/råd til dei som studerer no ut frå dine erfaringar?
Viktigast av alt: Lær å skriva. Dei som rettar labjournalar og andre oppgåver er flinke til å oppdaga avskrift, og slår hardt ned på dette. Dei er derimot enkle å imponera dersom du skriv stoffet med dine eigne ord, og har korrekt kjeldebruk. Både skrivinga og litteratursøket er hovudsakleg ei treningssak.

            Dei greiaste måtane å finna gode fagtekstar på er å søka i Google Scholar, gjerne med «review» som eit av søkeorda. Wikipedia er òg eit særs nyttig verktøy, men ikkje bruk det direkte i oppgåver. Dei fleste gode wikipedia-sidene har heldigvis fotnoter og referansar nedst på sida, som kan brukast som utgongspunkt for gode litteratursøk.
            Gjennom heile studiet er det viktig å lesa mykje, ikkje berre pensum. Mat-Nat har veldig korte pensumlister i høve til andre fakultet, sidan naturvitskap i mykje mindre grad har tekstar som alle MÅ ha lese. Likevel må ein bruka tid på å utforska faglitteratur for å verkeleg forstå kva biologi dreier seg om; alle kurs på BIO er eigentleg «berre» innføringsemne. Dei aller mest spanande fenomena i biologien er dei som kjem i tillegg til kursa – bruk difor litt av tida på bøker som handlar om ting som interesserar deg, anten dette er fisk, fugl, flora, fysiologi, filosofi, fysikk eller kanskje til og med noko som ikkje byrjar med F. Ikkje berre er dette moro, det imponerar òg forelesarane at du kan noko utover pensum.
            For dei som tenkjer på masterutdanning er det lurt å setja seg inn i kva dei ulike forskargruppene driv med så tidleg som mogleg i studietida. Slik finn du ut kva slags forsking som du synst er mest spanande. Vidare bør du oppsøka einskildforskarar tidleg for å snakka om moglege masteroppgåver. Når du vel masteroppgåve, gå for noko du synest er spanande, under rettleiing av ein forskar du har god kjemi med.
            Ikkje minst er det viktig å ta seg pausar! Hjernen treng å bli brukt for å bli betre, men det er like viktig å la han få kvila av og til. All work and no play makes Jack a dull boy, og endå verre - ein mindre kreativ og mindre intelligent boy. Gå på Mikromandag på Det Akademiske Kvarter på måndagar og nyt billig kvalitetsøl, eller gå på Wineyard på Garage på tysdagar om du føretrekk billig kvalitetsvin. Engasjer deg i studentkulturen; anten det er organisasjonsliv, media, musikk, teater eller idrett kjem du til å få mykje att i form av til dømes venskap og internfestar.

Kva minner har du frå studietida på BIO?
BIO har eit framifrå læringsmiljø med mange flinke forelesarar innanfor mange ulike spanande forskingsfelt. Dei beste minna mine kjem frå dei mange gode feltkursa: Å tråla etter botndyr med marinbiologane på Espegrend, å handtera levande kjempevasskalv med insektforskarar i Rosendal, sauna med høgfjellsøkologar på Finse, fuglekiking med åtferdsøkologar på Herdla...

 

Å byrje å studera biologi ved BIO i Bergen er nok det luraste eg har gjort.

 

Kva skreiv du masteroppgåve om ?
Artsmangfald hjå sommarfuglmygg (Insecta, Diptera: Psychodidae) i Afrika, belyst ved taksonomiske og økologiske metodar. Eg oppsummerte kunnskapsnivået basert på litteraturen, undersøkte kor mykje som står att å forska på ved feltundersøkingar i Uganda, og såg nøyare på artsklassifikasjonen av ei særskild gruppe kor eg beskreiv heile fem artar som nye for vitskapen.