Hjem
Centre for Cancer Biomarkers

--AVLYST-- Forskningsdag på KK

Velkommen til tidenes første kvinnehelseforskingsdag på Kvinneklinikken torsdag 26. mars!

Main entrance of the Women's Clinic
Foto/ill.:
Helse Bergen

Hovedinnhold

AVLYST

26. mars arrangerer KK, i samarbeid med UiB, sin eigen forskingsdag. Fødselshjelp og kvinnesjukdommar engasjerer bredt og vi ønskjer å fortelje alle interesserte om kva vi forskar på, kvifor, kva resultata seier og korleis vi brukar ny kunnskap.  

Vi kan lokke med nokon av landets dyktigaste kvinnehelseforskarar, og tør påstå at du ikkje bør gå glipp av å høyre på dei spennande og aktuelle debattantane i panelet vi jobbar med å setje saman.

Første halvdel av programmet vil vere retta mot fagmiljø og andre forskarar (kl. 14-16). Andre halvdel av arrangementet er ope for alle med korte publikumsvennlege presentasjonar, før vi avsluttar med paneldebatt om forsking og kvinnehelse (kl. 17-19).

CCBIO sine involverte forskningsgrupper på KK (Line Bjørge og Camilla Krakstad) er hjarteleg til stade og viser fram si forskning.

Tid: kl. 14.00–19.00 (mingling & mat kl. 16.oo–17.00)

Stad: Auditoriet, 4. et. Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus

Det blir enkel servering

Meir utfyllande program kjem snart, men du kan allereie melde deg på her


Vel møtt!

Beste helsing frå forskingsmiljøet på KK/UiB