Hjem
Senter for internasjonal helse
Forskningsprosjekt

Malaria Chemoprevention for the post-discharge management of severe anaemia in children in Malawi, Uganda and Kenya

Hovedinnhold

Anemi som følgje av malaria er ein hovudårsak til at små barn kjem på sjukehus i Afrika, og årsak til mykje sjukdomsbyrde og død. Mange barn døyr i akuttfasen medan dei framleis er på sjukehus, men i tillegg døyr mange heime dei første månadane etter utskriving. Behandling av malaria og alvorleg anemi på sjukehus er veletablert, men det finst framleis ingen systematiske rutinar for oppfølgjing og behandling for perioden etter utskriving.

Dette prosjektet vil sjå på om rutinemessig behandling med malariamedisin gjennom dei tre første månadane etter utskriving kan gjerast på ein trygg og effektiv måte. Dette vil vi undersøke gjennom ei studie i Kenya og Uganda, der barna skal randomiserast til å få anten tre dosar med malariamedisinen dihydroartemisinin-piperaquine, eller tre dosar med placebo (narremedisin). Prosjektet skal også undersøkje korleis slik førebyggjande kan gjerast tilgjengeleg på ein god måte. I Malawi skal vi samanlikne fire måtar å tilby behandlinga til barn etter dei er skrivne ut frå sjukehuset. Vi skal mellom anna studere kor effektive og realistiske dei ulike metodane er, og om dei er akseptable for folk flest. Vi vil også samanlikne kostnadseffektiviteten. Gjennom avanserte modelleringsteknikkar vil vi undersøke korleis ulike geografiske og epidemiologiske tilhøve påverkar nytten av tiltaket, noko som vil vere nyttig når WHO skal utforme nye retningslinjer for slik førebyggjande behandling.

Den tverrfaglege gruppa, under vitskapleg leiing av Dr Phiri (University of Malawi), har ei eineståande merittliste innafor fagfeltet. Gruppa inkluderer leiiande forskarar frå Makerere Universitetet (Uganda), Kenya Medical Research Institute, Liverpool School of Tropical Medicine, London School of Hygiene and Tropical Medicine, Imperial College London, University of Amsterdam, Indiana University og Chr. Michelsens Institutt (Noreg). Prosjektet er lagt til Senter for Internasjonal Helse (UIB), med professor Bjarne Robberstad som prosjektleiar.

Rekruttering til studien pågår. I Kenya og Uganda har vi rekruttert omlag 920 pasienter, som er færre enn planlagt. Til gjengjeld er det mange tilfeller av malaria og reinleggingar, slik at vi reknar med at datainnsamling kan avsluttast som planlagt på grunn av behov for mindre datasett. I Malawi har vi rekruttert 311 pasientar, og reknar med å avslutte datainnsamlinga etter plan.