Hjem
Senter for Diabetesforskning
Forskningsopphold i utlandet

Til Harvard for å studere små mus med diabetes

Våren 2014 vart Marie Solheim (PhD-student, Klinisk institutt 2) invitert til Boston for å studere 2 år i laboratoriet til Prof. C. Ronald Kahn MD, Department of Integrative Physiology and Metabolism ved Joslin Diabetes Center, Harvard Medical School, Boston (USA). Her arbeider ho med ein ny musemodell for diabetes.

Hovedinnhold

Joslin Diabetes Center (Harvard) blir omtalt som verdas fremste institusjon innan diabetesforsking, klinisk behandling og utdanning. Å reise til Boston og Harvard Medical School som fersk doktorgradsstudent, har gitt meg ei unik sjanse til fagleg utvikling, å knytte nye kontakter, samt å lære frå nokre av dei beste i verda innan diabetesfeltet.

I fjor identifiserte ei internasjonal samling av forskarar, leia av KG Jebsen-Senter for diabetesforskning, at ein mutasjon i genet PIK3R1 er årsaka til ein tilstand som kallast SHORT syndrom med lipodystrofi. Desse pasientane er kortvaksne og har fettatrofi, insulinresistens samt diabetes. Det som er ekstra spennande med denne tilstanden, er at PIK3R1-genet kodar for p85, eit protein som har ei sentral rolle for insulinsignalering, metabolisme og vekst av alle cellene våre.

For å finne ut meir om fysiologiske og cellebiologiske mekanismar involvert i syndromet, vart den identifiserte mutasjonen sett inn i genomet til mus ved hjelp av såkalla ”knock-in”-teknologi. Då vi fekk dei fyrste indikasjonane på at musene var kortvaksne og hadde diabetes, såg vi muligheita for å karakterisere ein ny musemodell for diabetes. Eg var heldig og fekk raskt på plass nødvendig finansiering og var i Boston før eg visste ordet av det.

Dei førebelse resultata var korrekte; musene har dei fleste av dei karakteristiske trekka til  SHORT-syndrompasientane. Blant anna er musene mindre (fett og kroppslengde), har insulinresistens og er glukoseintolerante. Såleis har vi ein unik modell for vidare studiar av SHORT-syndromet. Vi arbeider no med å kartleggje insulinsignaleringa i ulike vev for å finne ut kva som er mekanismen for at ein enkelt mutasjonen kan føre til desse organmanifestasjonane. På grunn av PI3K si sentrale rolle innan insulinsignaleringa, har vi også ein spennande modell for å studere andre typar diabetes.

Opphaldet mitt så langt har vore veldig lærerikt og inspirerande. Joslin-senteret har brei kunnskap innan diabetesforsking, og kvar veke blir det halde fleire seminar med både interne og eksterne føredragshaldarar. Forskinga her held eit høgt tempo, og på den måten har eg fått lært mykje på den korte tida.

 

Marie Solheim sitt opphald ved Joslin Diabetes Center og Harvard Medical School er støtta av midlar frå Norsk Selskap for Endokrinologi (Nils Normans Minnegave), Major og Advokat Eivind Eckbos Legat, Skipsreder Tom Wilhelmsens Stiftelse og Diabetesforbundets Reisestipend.