Hjem
Institutt for økonomi

Politisk rådgjevar i ZERO

- Eg har alltid vore interessert i politikk, og eg tenkte at gjennom å studere samfunnsøkonomi kunne eg få eit betre grunnlag til å vurdere politiske saker, seier Tale Halsør. Ho fullførte masterprogrammet i samfunnsøkonomi våren 2011.

Hovedinnhold

Mykje av arbeidet mitt går ut på å finne ut kva som skal til for å få folk til å velje fornybare alternativ i kvardagen, då er ein bakgrunn frå samfunnsøkonomien ein kjempefordel.

Eg har alltid vore interessert i politikk, og eg tenkte at gjennom å studere samfunnsøkonomi kunne eg få eit betre grunnlag til å vurdere politiske saker. Det meiner eg bestemt at stemmer også.

Min første jobb fekk eg i miljøstiftinga ZERO i Oslo. Her jobbar eg som politisk rådgjevar og freister å finne gode verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og også å få dei innført.

Mykje av arbeidet mitt går ut på å finne ut kva som skal til for å få folk til å velje fornybare alternativ i kvardagen, då er ein bakgrunn frå samfunnsøkonomien ein kjempefordel. Det er viktig å kunne forstå korleis økonomien fungerar, kor elastisk etterspurnaden er, kor konsentrert marknaden er eller potensialet for at ei avgift blir velta over på konsumentane. Og ikkje minst er det viktig å kjenne til kvotesystemet i min bransje.