Hjem
Institutt for økonomi
Historisk professoropprykk

Rekordstart for kvinneleg økonomiprofessor

Forskartalentet Katrine Vellesen Løken (31) kan titulere seg med å vere Noregs yngste kvinnelege økonomiprofessor nokonsinne.

Professor Katrine Løken
Foto/ill.:
John Ivar Sunde

Hovedinnhold

Katrine Vellesen Løken ved Institutt for økonomi (UiB) rykka tysdag 17. februar formelt opp til professor. Ho blei dermed den yngste kvinnelege professoren økonomi i Noreg nokonsinne.

 

- Det følast veldig bra! Det er ei anerkjenning i forhold til kva eg har gjort, seier 31-åringen, som nyleg fekk milliontildeling i FRIPRO-programmet for unge forskertalent.

 

Professoren i samfunnsøkonomi har i si forskarkarriere ved UiB publisert ei rekkje artiklar i dei fem beste internasjonale tidsskrifta i økonomi, i samarbeid med andre forskarar frå inn- og utland.

- Det har vore særleg kjekt å få jobbe med unge forskarar, seier Løken, og legg til at det har vore ekstra gjevande å sjå at det er gode moglegheiter for å få gjennom paper i viktige internasjonale tidsskrift saman med andre unge forskarar.

 

Håper på betre rekruttering av kvinner til økonomifaget

Leiar ved Institutt for økonomi, Jan Erik Askildsen, seier det er unikt at Løken har klart å bli professor i så ung alder.

- Det er ei velfortent berømmelse for det arbeidet ho har gjort. Ho har gjort ein bragd når det gjeld publisering i forhold til alder som ingen andre samfunnsøkonomar har oppnådd dei siste 40 åra.

Askildsen legg til at han håper Løken si suksesskarriere vil bidra til å styrke rekrutteringa av kvinner til forsking, og særskilt til økonomifaget. Det er nemleg berre eit fåtal norske kvinnelege professorar i økonomi frå før av. Dette er òg Løken opptatt av.

- Det er ikkje så viktig å vere den yngste kvinnelege forskaren, men eg håper at eg kan bidra til at fleire kvinner vil satse på karriere i akademia, seier Løken.

 

- Tvers gjennom velfortent

Løken byrja som stipendiat i 2006, og har sidan den tid vore tilsett ved Institutt for økonomi ved UiB. Hennar forskingsfelt har vore i sær familiepolitikk og born si oppvekst, og forskinga har i hovudsak eit empirisk fokus med analyser av store datasett.

Professor Kjell Erik Lommerud rettleia Løken både på master- og doktorgradsoppgåva, men hevdar at han kunne sjå forskartalentet lenge før ho disputerte i 2010.

- Å ja, det såg eg når ho var 21 og kom inn på kontoret for å diskutere bacheloroppgåva si, smilar Lommerud.

Han meiner det er tvers gjennom velfortent at Løken no har fått opprykk til professor.

 

Sjå fullstendig oversikt over forskingsarbeidet til Katrine Vellesen Løken her.