Innføring i kunstig intelligens

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med AIKI100 er å gje ein brei introduksjon til kunstig intelligens (KI) som disiplin, og gje eit frampeik mot vidare kurs og moglege spesialiseringar. Kurset introduserer den tverrvitskaplege breidda til fagdisiplinen, den historiske utviklinga og bruken av idéar innan KI-forsking, relasjonen mellom kunstig intelligens og samfunn og dei etiske implikasjonane av denne relasjonen. Kurset vil også gje ein introduksjon til dei viktigaste resultata og utfordringane i underdisiplinane av KI, som kunnskapsrepresentasjon og resonnering, robotikk, multi-agent-system, naturleg språkforståing, maskinlæring, datasyn, planleggjjng og søk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Kan beskrive kunstig intelligens som ein vitskapleg disiplin i ein historisk og samfunnsmessig kontekst
  • Kan oppsummere dei viktigaste utfordringane og resultata i ulike underdisiplinar av kunstig intelligens
  • Forstår korleis kunstig intelligens vert støtta opp av matematikk, informasjonsvitskap, informatikk og automatisering.

Ferdigheit

Studenten

  • Kan koble ulike oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens til relevante metodar innan kunstig intelligens
  • Kan kritisk diskutere mogleheitane og avgrensingane innan fagfeltet kunstig intelligens i kontekst av teknologi og samfunn
  • Kan identifisere eigne interesser innan kunstig intelligens og velgje retning for vidare KI-studium

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
DIGI114 (2,5 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og gruppeøvingar (normalt 2 timar av kvar i 11-14 veker). Det vert forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatoriske innleveringar av seminaroppgåver, som må gjerast i undervisningssemesteret og  80% av dei godkjennast.
  • Velg ein: 

  • Obligatorisk deltaking: oppmøte på lab- og seminargrupper (minst 75%)
  • Sjølvstudium: gjennomføre dei obligatoriske seminaroppgåvene sjølvstendig innan dei fastsatte fristane
  • Vurderingsformer

    Skuleeksamen, 4 timar

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.