Innføringsemne i litteraturvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Innføringsemnet gir basiskunnskap i litterær analyse og fortolkings. Kurset legg vekt på innføring i dei fire hovudsjangrane: lyrikk, epikk, drama, essay

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grunnleggjande forkunnskapar i faget allmenn litteraturvitskap
  • grunnleggjande kjennskap til dei fire hovudsjangrane og deira hovudkjenneteikn
  • elementær kjennskap til litteraturvitskapleg analyse og fortolking

Ferdigheiter

Studenten kan

  • på eit elementært nivå analysere og fortolke litterære tekstar
  • gjere greie for hovudkjenneteikna ved dei fire litterære hovudsjangrane
  • formulere grunnleggjande problemstillingar innanfor litteraturvitskapen

Generell kompetanse

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlappar 10 studiepoeng med emnet ALLV101
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og kollokviegrupper
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å ha to rettleiingar knytt til semesteroppgåva. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet.
Vurderingsformer
Rettleidd semesteroppgåve med eit omfang på 2000-2500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering, vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensumet omfattar opp til 6 verk fordelt på litteraturteoretiske og skjønnlitterære tekstar. Eit utval på 100 sider teori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium