Allmenn litteraturvitskap: Litteraturvitskapleg fordjupingsemne II

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir studenten fordjupande innsikt i ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde. Gjennom studiet får studenten ein grundig forståing av eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Tema for våren 2024 er "What was the modern novel?" Emneansvarleg er Wolfgang Hottner.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innanfor ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
  • demonstrere ferdigheiter i å analysere verk og litteraturteori, samt posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • aktualisere og problematisere ei litterær retning, eit forfattarskap eller eit litterært problemområde slik at det kan kome til nytte i ulike faglege samanhengar
  • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ALLV111-114.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
4 dagars heimeeksamen med eit omfang på ca. 2500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste

Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogeleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normal framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium