Litteraturteori
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ALLV221
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir studenten ei teoretisk og fordjupande innsikt i ei litteraturteoretisk retning eller eit litteraturteoretisk forfattarskap.
Studiet gir studenten ei grundig forståing for eit avgrensa teoretisk felt eller ein teoretikar i allmenn litteraturvitskap, og øver studenten i kritisk og sjølvstendig forståing av hovedspørsmåla knytt til litteraturteori i det allmenn litteraturvitskaplege faget.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har
- grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innafor litteraturvitskapleg teori
- ei kritisk og sjølvstendig forståing av hovedspørsmåla knytt til litteraturteori
Ferdigheiter
Studenten kan
- reflektere over dei teoretiske spørsmåla emnet omhandlar
Generell kompetanse
Studenten kan
- aktualisere og problematisere litteraturteoriske perspektiv
- demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar (normalt 2-3 timar per veke i maks 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.