Arabisk språk og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet ARA621 har som mål å utvikla studentane sin grunnleggjande dugleik i lesing, skriving, lytting, snakking og grunnleggjande grammatikk. Kurset er basert på moderne standardarabisk (MSA) som er eit sentralt utval som vert forstått over heile den arabiske verda trass i variasjonar i dialektar. Studentane vil ha tilgang til elektroniske ressursar for ei meir sjølvstendig læring. Ein vil gi ut oppgåver kvar veke for å konsolidera det studentane har lært i undervisninga.

Emnet ARA621 inneheld førelesingar i arabisk alfabet, uttale og grammatikk kombinerte med øvingar (bunden artikkel, personlege pronomen, determinativ, adjektiv, nominalsetning, eintal, fleirtal, samsvarsreglar, «ja», «nei» og andre spørjeord), omsetjing, samtalar, praktisk språkbruk og førelesingar i kultur og samfunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleik og generell kompetanse.

Kunnskapar

Kandidaten kan:

- meistra arabisk skrift og uttale

Dugleik

Kandidaten:

- har eit ordtilfang på om lag 350 ord (kan til dømes presentera seg sjølv og andre, helsa, stilla og svara på spørsmål om bustad, land, familie, vener, yrke, transportmogleigheiter, studium, fargar og matvarer, eignelutar, kva ein likar/ikkje likar, har/ikkje har

- kan lesa og omsetja enkle nivåtilpassa arabiske tekstar

- gjera greie for/forstå einskilde tema i arabisk grammatikk

Generell kompetanse:

Kandidaten:

- har eit oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda

Fulltid/deltid

Ein skal gjennomføra emnet på eitt semester, noko som svarar til eit halvt semesters fulltidsstudium

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar i norsk og engelsk.
Studiepoengsreduksjon
100 prosent overlapp med ARA100 (10 stp)
Krav til studierett
Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Dette er eit nettstudium der undervisninga er basert på elektroniske ressursar og kommunikasjon via internett. Ein kan ta kurset kvar som helst i verda så lenge ein har god internettilgang.

Undervisninga går føre seg via den elektroniske læringsplattforma som studentane får tilgang til ved opptak til emnet. Det vert lagt ut arbeidsplan for semesteret, vekeplan og digitale hjelpemiddel som skriftlege nettleksjonar, videosnuttar som gjer greie for grammatikk, og øvingsoppgåver. Undervisninga går gjennom nettbaserte audioførelesingar og er basert på aktiv deltaking frå studentane på nettet. Ein skal bruka nettbaserte arbeidsprogram, diskusjonsforum der studentane kan diskutera emnet. Studentane arbeider med studiet både individuelt og i grupper gjennom semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få ta eksamen må ein delta på minst 50% av nettundervisninga. Ein må også levere og greie to obligatoriske oppgåver i løpet av semesteret. Ein skal levere oppgåvene elektronisk, og fristane for levering vert annonserte via læringsplattformen etter kursstart.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein skriftleg eksamen på tre timar og ein munnleg eksamen på om lag 20 minutt.

Den skriftlege delen tel 70% av den samla karakteren og den munnlege delen tel 30 %.

Den skriftlege eksamenen er sett saman av dei to komponetane arabisk språk og kultur og samfunn. Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane på den skriftlege eksamenen må vere greidde for at eksamenen skal vere greidd.

Begge eksamensdelane (skriftleg og munnleg) må vere greidd i same semester.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Haust

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjende og gyldige obligatoriske arbeidskrav

Litteraturliste

Ca. 100 sider med grammatikk.

Tekstar i kompendium kan også verte nytta.

Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Fagmiljøet i arabisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk
Institutt
Institutt for framandspråk