Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr.

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsmål
Emnet tek sikte på å gje:
1) Ei allmenn innføring menneskeleg evolusjon
2) Innsikt i jeger-og snakarsamfunn i Midtausten og Europa
3) Ei allmenn innføring i utviklinga av jordbruk og jordbruksøkonomi
4) Ei innføring i tidleg metallbruk, i utvikling av hierarkiske samfunn og urbanisering, og i materielle uttrykk som kan knytast til ideologien i slike samfunn
5) Ei oversikt over den samfunnsmessige utviklinga fram til slutten av bronsealderen.

Fagleg innhald
Emnet handlar om dei tidlegaste menneska si biologiske og kulturelle utvikling under den eldste steinalderen frå omtrent 3 millionar år sidan fram til det moderne mennesket. Her blir den globale spreiinga av jegerar-sankarar frå Afrika til Europa, Asia, Australia og Amerika følgd. Vidare fokuserer emnet på seinpaleolittikum og mesolittikum i Europa og Norden. Også seinare tider sine jegerar-sankarar og deira samhandling med tidlege jordbrukssamfunn blir tatt opp. Sosiale og kulturelle sider av desse tidlege samfunna vert vektlagt, som teknologi og økonomisk organisering. Emnet tar videre opp framvesketn av jordbruk i Midtausten, med utbreiing og transformasjonar i Middelhavsområdet via Søraust-Europa til Norden. Dei ulike typane av jordbruksøkonomi og den sosiale og kulturelle organisasjonen til dei første jordbrukarane blir beskrive og diskutert.

Vidare belyser emnet utviklinga av hierarkiske samfunn, frå tidlege urbane samfunn, bystatar og imperia i Midtausten og Middelhavsområdet til framveksten av komplekse hierarkiske samfunn i Sentral- og Nord-Europa under sein steinalder og bronsealder. Utviklinga av langvegs kontaktar og utveksling av ulike ressursar blir følgd fram til og med dei omfattande utbyttesnettverka under bronsealder. Måten ideologiar blir uttrykte på blir vektlagd; frå dei tidlegaste indikasjonar på symbolsk åtferd til komplekse symbolske uttrykk i bergkunst og materiell kultur under tida etter den seinaste istid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om hovudlinene i kultur- og samfunnsutviklinga og innsikt i endringar i økonomiske og sosiale tilhøve fram til 500 f.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor perioden
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor perioden
  • kjenner til periodens utvikling, historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
  • har en grunnleggande oversikt over materiell kultur frå dei ulike periodane

Ferdigheiter
Studenten:

  • kan vurdere materiell kultur frå ulik tid og ulike kulturar i samanheng,
  • kan setje seg inn i fagtekstar og skrive resonnerande tekstar.
  • kan anvende fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for sine val
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og knytte dette til ein problemstilling
  • kan anvende relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
  • kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
  • kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.

Generell kompetanse
Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan i tråd med etiske krav og retningsliner presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og andre relevante uttrykksformar
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Emnet har fullt fagleg overlapp med ARK101 og ARK102.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.

Undervisninga omfattar om lag 15-20 forelesingar. Dersom ressursane tillét det, vert det organisert kollokviegrupper og ekskursjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk.

Materialkurs og oppgåveseminar knytt til emnet har imidlertid 100 % obligatorisk frammøte, og deltaking er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i emnet.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen med eit omfang på om lag 3000 ord.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 2500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.
Programansvarleg
AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.
Administrativt ansvarleg
AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.