Arkeologien av jeger- og sankarsamfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tilbys ikkje vårsemesteret 2023

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av menneske fram til 500 f.Kr.

Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i enkelte periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her

Læringsutbyte

Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden frem til 500 f.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • kjenner til fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
  • kan nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
  • Kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innenfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode om våren, men ikkje regelmessig.

Undervisningsstad

UiB
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Studentar med studierett på UiB kan ta emnet, men emnet har begrensa antal studieplassar. Dersom det er fleire påmelde enn plassar, har studentar på bachelorprogram i arkeologi prioritet.

Om emnet har 5 påmelde studentar eller færre kan det bli kansellert.

Arbeids- og undervisningsformer
6-10 forelesingar/ seminar og materialkurs. Undervisninga går føre seg i andre del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk.

Obligatorisk aktivitet er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
Semesteroppgåve (i form av ein artikkel eller rapport) på om lag 3000 ord.
Karakterskala
Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester

Vår

Det blir tilbydd eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester for studentar som har fått godkjend obligatoriske arbeidskrav i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste. Pensum er omlag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.
Administrativt ansvarleg
AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.