Arkeologisk praksis: praksisprosjekt

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er ei utdjuping av eit sjølvald praktisk tema, som kan knyttas til bacheloroppgåva. I dette spesialemnet skal studenten skrive ein kort rapport om eit rettleia forskingsprosjekt eller ei praktisk erfaring (utgraving, internship/hospitering eller liknande) studenten har organisert sjølv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har nødvendige kunnskapar innan aktiviteten som er vald

Ferdigheitar

Studenten

  • kan organisere eiga deltaking i ein praktisk aktivitet
  • kan oppsummera sine funn i ein strukturert vitskapleg rapport

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvide praktiske- og forskingsferdigheitar, og nytte denne innsikta i utarbeiding av ein rapport.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår/haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Studenten har fullført alle emna på 100-nivå i i ein spesialisering arkeologi.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er tekne opp på bachelorprogrammet i arkeologi ved AHKR. Emnet er valfritt.
Arbeids- og undervisningsformer
Individuell rettleiing omkring tema og gjennomføring, inntil 2 timer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen består av ei oppgåve på om lag 1500 ord. Oppgåva skal ha form som ein vitskapleg rapport.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår/haust
Litteraturliste
Litteraturlista er på om lag 500 sider. Litteraturlista for våren skal vere klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Undervisninga vert jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av emnet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap