Utgravingsmetoder

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til arkeologisk feltarbeid. Studentane lærer om den historiske utviklinga av feltarbeid som metode innan arkeologi, og korleis ei moderne utgraving foregår (utval av gravingsstad og dokumentasjon) og kva etterarbeid inneber.

For meir informasjon, sjå temaomtale av emnet:

Temaomtalar arkeologi | Arkeologi | UiB

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Har grunnleggjande kunnskap om den historiske utviklinga av utgravingsmetodar
  • Forstår korleis dokumentering i felt fungerer, og kvifor dokumentasjon er naudsynt
  • Har forståing for HMS-rutinar i felt
  • Har skaffa seg eit innsyn i rutinar og teknikkar for etterarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • Er i stand til å lage ulike dokumentasjonsformer (verbale framstillingar, teikningar osv.)
  • Kan analysere data og framstille den visuelt

Generell kompetanse

Studenten

  • Har vist evne til å utvide praktiske ferdigheiter og forskningsferdigheiter, og bruke dette i utarbeidinga av ein rapport.
  • Kan delta aktivt i gruppearbeid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet vert tilbode uregelmessig.

Undervisningsstad

UiB
Krav til forkunnskapar
Studenten har fullført alle emna i spesialiseringa på 100-nivå i arkeologi.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på Bachelorprogram i arkeologi ved AHKR, men har begrensa antal plassar. Emnet er ikkje ope for masterstudentar.

Emnet er valfritt.

Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar og seminar med praktisk andel og gruppearbeid. Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
80 % oppmøtekrav og fire øvingsoppgåver
Vurderingsformer
Eksamen består av ei oppgåve på maksimum 1500 ord. Oppgåva skal ha form som ein vitskapleg rapport.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår / haust. Det blir tilbydd eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester for studentar som har fått godkjend obligatoriske arbeidskrav i undervisingssemesteret.
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturlister på om lag 500 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap