Bacheloroppgåve i arkeologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å øve studentane med å arbeida med arkeologiske problemstillingar med integrert bruk av teori og metode.

Sjå temaomtale her:

www.uib.no/fag/arkeologi/118124/temaomtale-ark250

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap Kjennskap til og innsikt i eit avgrensa emne innan arkeologifaget, og røynsle med å arbeide sjølvstendig ut frå arkeologiske problemstillingar.

Ferdigheiter Røynsle i å arbeide sjølvstendig med arkeologiske problemstillingar: formulere problem, avgrense stoff, finne fram relevant litteratur og diskutere og vurdere litteratur i høve til oppsette problemstillingar og relevante metodiske og teoretiske perspektiv.

Generell kompetanse Røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå.

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av skrivekurs og rettleiing. Skrivekurset består av introduksjonsforelesning, biblioteksinnføring og oppgåveseminar.

Studentane skal levere prosjektskildring før oppgåveseminaret. Frist for innlevering av prosjektskildring vert kunngjort på MittUiB. Studentane får tilbakemelding på prosjektskildringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av prosjektskildring, deltaking på skrivekurs og rettleiing er obligatorisk.
Vurderingsformer

Studentane skal skriva ei semesteroppgåve på om lag 6000 ord, med individuell rettleiing. Tema for oppgåva blir valt av studenten i samråd med rettleiar, og kan vere ei studie av ein periode og/eller eit område. Tema kan også gå på tvers av periodar eller område.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteratur er i hovudsak sjølvvalt, men i tråd med rettleiar. Denne litteraturen er grunnlaget for skriving av bacheloroppgåva og bør vere satt saman av om lag 1500 sider. Dette skal reflekterast i litteraturlista til oppgåva.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap