Kulturminne og forvalting

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal få: (1) god kunnskap om kulturminne, (2) studere faktiske kulturminne frå ulike periodar, og innsikt i skjøtsel av desse (3) innsikt i lovrelatert vern/forvaltning og sjå det i lys av verneteori og verneideologi (4) delegasjon av oppgåver i det offentlege forvaltingsapparatet, (5) innsikt i korleis ein formidlar fagkunnskapen til eit allment publikum og (6) røynsle med å arbeide i grupper.

Studiet er bygd opp kring dei sentrale elementa - natur, kultur og forvaltninga av kulturminne og kulturlandskap og formidling av kunnskapen om kulturminna. Emnet tar opp tilhøvet mellom menneske og dei landskap dei levde i førhistorisk tid og mellomalder. Emnet femner om teori som tek opp omgrep og ulike synsmåtar på landskap og dessutan empiri kring landskap og kulturminne frå både jeger-sankarsamfunn, tidlige jordbrukssamfunn og frå jarnalder og mellomalder. Ein tek også opp korleis fagkunnskapen om desse emna skal formidlast til eit allment publikum.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande:

Kunnskap

Studenten skal få fordjupa kunnskapar om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, kunnskap om lovrelatert vern/forvaltning og delegering av forvaltingsoppgåver i det offentlege. Studenten skal lære å sjå dette i lys av verneteori og verneideologi og få kunnskap om korleis ein formidlar fagkunnskapen.

FerdigheiterStudenten skal ha innsikt i den politiske og praktiske bakgrunnen for kulturminneloven og korleis den vert praktisert i dag, innsikt i ulike verneteoriar og ideologiar og bruk av ulike formidlingsmetodar.

Generell kompetanseStudenten har generell innsikt i emnet, har røynsle med analyse av kulturminne, har røynsle med formidling av kunnskapen til eit ålment publikum, og røynsle med å arbeide i grupper.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Ved UiB/ekskursjonar
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, utover opptak til masterprogrammet i arkeologi.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.
Studiepoengsreduksjon
Fagleg overlapp med ARK302. Kombinasjon av ARK302 og ARK308 vil føre til ein studiepoengreduksjon på 10 studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er teke opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. Emnet er obligatorisk. Andre masterstudentar ved Det humanistiske fakultet kan søke om å få ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma består av førelesningar, seminarer, ekskursjonar og gruppearbeid. Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane møter på 70 prosent av undervisninga. Deltaking på ekskursjonane er obligatorisk. Det er og obligatorisk med ein munnleg presentasjon i gruppe (10-15 minutt) av ei oppgåve knytt til ekskursjonane.

Ekskursjonane er kostnadsfrie, men studentane må sjølve ta med mat og drikke.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer
5 dagars heimeeksamen på om lag 3000 ord.
Karakterskala
I vurderinga av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F (der F er stryk)
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste. Pensum er omlag 1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.januar for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga vil med jamne mellomrom bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.