Kunstpraksis 6 - Bachelorprosjekt

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I det siste semesteret fokuserer studentane på fullføringa av eksamensprosjektet deira, som blir presentert innanfor ramma av ei gruppeutstilling for avgangselevane. Som støtte for BA-prosjektet sitt, avsluttar kvar student og sender inn ei skriftleg refleksjon.

Læringsutbyte

Ved slutten av emnet skal kanidaten demonstrere:

Kunnskap

  • Kunne formidle sentrale tema, problemstillingar, verktøy, referansar, etiske dimensjonar og prosessar innan eigen kunstpraksis
  • Demonstrere spesialkunnskap og medvit om underliggjande prinsipp

Ferdigheiter

  • Kommunisere klart om eigen kunstpraksis og relevante referansar, både munnleg og skriftleg
  • Beherske teknikkar og tilnærmingar
  • Identifisere og handtere eigne læringsbehov
  • Arbeide målretta og sjølvstendig
  • Demonstrere evne til å samarbeide med medstudentar
  • Grunngje kunstnariske val

Generell kompetanse

  • Orientere eigen praksis innanfor ein relevant kontekst og nytte kunnskap om dette gjennom skriving
  • Ferdigstille eit sjølvstendig kunstverk og presentere det offentleg.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Campus UiB.
Krav til forkunnskapar
Opptak til emnet krever at følgende emner er bestått: ART220 "Kunstpraksis 5".
Tilrådde forkunnskapar
REF100 og emner frå metode/medium-emnegruppen.
Krav til studierett
Opptak til emnet krever studierett i Bachelorprogrammet i kunst.
Arbeids- og undervisningsformer

Innanfor ART-modulane skjer utviklinga av arbeidet i nær dialog med hovudrettleiaren til studenten gjennom rettleiing, både individuelt og i grupper, som stimulerer utforsking og eksperimentering. Gruppekritikkar oppmuntrar studentar til å utvikle refleksjons- og analytiske ferdigheiter i forhold til arbeidet til medstudentane deira.

Studentane sender inn ein individuell semesterplan som skisserer mål og foreslåtte aktivitetar. Desse aktivitetane må samsvara med læringsmåla for modulen og må bli godkjente av hovudrettleiaren. Studentane presenterer òg praksisen sin i ein gruppeseminar. Presentasjonane må inkludere dokumentasjon, kontekstuelle referansar og kritisk refleksjon.

I løpet av dette semesteret avsluttar kvar student eksamensprosjektet sitt og den tilhøyrande teksten. Studentane bidrar alle aktivt til planlegging og produksjon av avgangsutstillinga, som blir offentleg presentert ved slutten av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på planlagde møter med hovudrettleiaren, individuelt og/eller i grupper, som er skissert i rettleiaravtalen
  • Innlevering av individuell semesterplan
  • Deltaking i BA3-seminar
  • Presentasjon av BA-prosjektet, vanlegvis i samanheng med avgangsutstillinga
  • Vurderingsformer

    Semestervurdering er en mappevurdering som finner sted mot slutten av hvert semester.

    Mappen skal inneholde:

    • Skriftleg refleksjon; studenten må analysere og reflektere over eksamensprosjektet sitt i ein tekst på 2000 til 3000 ord. I tillegg legg studenten ved ei prosjektskildring på ei side framfor refleksjonen.
    • Sluttvurdering gjennomført av eit utval som inkluderer minst ein ekstern sensor og hovudrettleiaren til studenten. Vurderinga går føre seg som ein munnleg samtale som inkluderer ei presentasjon frå studenten og ein vurdering av eksamensprosjektet og den tilhøyrande kritiske refleksjonen.
    Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått.
    Vurderingssemester
    Vår. Det dispenseres ikke for vurdering på andre tidspunkt.
    Emneevaluering
    Emnet evalueres hvert tredje år.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk og design ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.