Innføring i evolusjon og økologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i korleis evolusjon og økologi heng saman og fører til tilpassingar i populasjonar og artar, inkludert mennesket. Emnet inneheld også grunnleggjande populasjonsdynamikk, utviklinga av biologi som fagfelt og biologien si rolle i dei store globale utfordringane. Det matematiske innhaldet i kurset er knytt til populasjonsdynamikk og naturleg seleksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • ha kunnskap om evolusjonsteoriens historie og kjernelogikk, samt om Darwin og andre sentrale personar
  • kjenne til korleis evolusjon skjer på individ- og populasjonsnivå og har ein molekylær basis
  • ha kunnskap om sentrale omgrep, definisjonar og teoriar innan økologi, åtferd, læring, livshistorie, populasjonsdynamikk, genetikk og evolusjon
  • ha forståing av korleis seleksjonstrykk oppstår i økologisk samspel og konkurranse mellom individ og artar
  • kjenne til hovudlinjene i livet si utvikling på jorda, inkludert evolusjon av mennesket

 

Ferdigheiter:

  • gjere enkle rekneoppgåver og berekningar innan populasjonsdynamikk og genetikk, blant anna ved hjelp av rekneark
  • kunne lese og forklare grafar med forskingsresultat

 

Generell kompetanse:

  • anvende eit presist fagspråk med tydeleg bruk av omgrep og eintydige setningar
  • sjå parallellar og trekke linjer mellom forskjellige biologiske disiplinar slik evolusjonsteorien knyt dei saman
  • kjenne att og diskutere evolusjonære problemstillingar i tekstar om biologiske system
  • samarbeide i grupper og resonnere og argumentere om evolusjon og økologi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel om studentane har Biologi 1+2, eller tilsvarande frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
10 SP overlapp med BIO110.
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved UiB. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin utdanningsplan vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plasser.
Arbeids- og undervisningsformer
Aktivitetsbasert læring
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på første forelesning.
Vurderingsformer

Det er mappevurdering i BIO100 der karakteren er basert på tre delar:

  1.  Poeng frå individuelle testar og gruppetestar (vekta likt) i starten av kvart tema på gruppeundervisninga (7 tema), der dei 5 temaa med høgast poengsum tel 25% på karakteren.
  2. Poeng frå individuelle testar i slutten av kvart tema på gruppeundervisninga, der dei 5 temaa med høgast poengsum tel 10% på karakteren.
  3. Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (3 timar) tel 65% på karakteren. Avsluttande eksamen må vere bestått for å bestå emnet.

 

Studentar som består del 3 får ein bokstavkarakter basert på alle tre vurderingsdelane, vekta slik som i lista ovanfor, der progresjon kan avgjere vippetilfelle. Studentar som tidlegare har gjennomført delar av karaktergrunnlaget kan velje å ta opp ein eller fleire delar i undervisningssemesteret (det er ikkje høve til å ta opp berre utvalde tema av del 1 og 2). Den beste presentasjonen på kvar vurderingsdel nyttast til å rekne ut ny karakter. Poeng frå tidlegare semester kan bli justert om det er nivåforskjellar frå år til år, til dømes grunna vanskegrad på eksamensoppgåvene. 

 

Dei tre vurderingsdelane er gyldige i seks semester, inkludert inneverande semester.

Ta kontakt med studieseksjonen dersom gyldigheita av vurderingselementa har gått ut for å sjekke om du likevel kan ta opp emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester

Haust.

Det vert arrangert sjukeeksamen tidleg i vårsemesteret dersom det er studentar med gyldig fråvær på avsluttande eksamen (del 3) i haustsemesteret. Desse må søkje om tidleg eksamen via digitalt skjema på denne sida.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsbasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Tillatne hjelpemiddel på alle vurderingselementa: kalkulator
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.