Økologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Økologi er studiet av forholdet mellom levande organismar, inkludert menneske (biosfæren) og deira fysiske miljø. Økologi hjelper oss også å forstå korleis vi kan bruke jorda sine ressursar på ein berekraftig måte, i tillegg til fordelane som økosystem kan gi samfunnet. Målet med dette emnet er å gi ein oversikt over ei rekke økologiske konsept som påverkar økologiske prosessar på ulike skalaer. Ved slutten av emnet tar vi sikte på at du skal ha ei grundig forståing av dei grunnleggande prosessane som påverkar organismar på ulike organisasjonsnivå (frå individ opp til heile biosfæren). Merk at tema som blir dekka i emnet bygger på kunnskap frå innføringsemna BIO100 og BIO102. Tema som dette emnet tek opp skal då gi grunnlaget for å bruke denne kunnskapen i andre økologiske samanhengar - frå anvendt (til dømes i bevaring av arter), til teoretisk (til dømes kunne predikere dynamikken i fiskepopulasjonar) og for meir spesialiserte emne (til dømes åtferdsøkologi og paleoøkologi).

I tillegg til å gi ei forankring i økologisk teori, er det eit viktig fokus på å lære dei viktigaste eigenskapane og teknikkane som trengs for å vere ein profesjonell økolog. Derfor tek vi sikte på å gi deg opplæring i å anvende den økologiske teorien du har lært gjennom verktøy og teknikkar som økologar i praksis brukar dagleg. Du vil trene på å tolke figurar og tabellar frå primærlitteraturen, plassere nye studiar og idear inn i ein kontekst og utvikle dine ferdigheitar i akademisk skriving. Gjennom heile emnet håper vi du kan bruke kunnskapen din til å vurdere relevansen av økologi i samfunnet.

Emnet baserer seg på teambasert læring og er strukturert i 5 hovudmodular, som tar for seg økologiske prosessar på eit gitt organisasjonsnivå:

  • Modul 1: Individ, tilpassingar og livshistoriestrategiar
  • Modul 2: Befolkningsvekst
  • Modul 3: Artsinteraksjonar
  • Modul 4: Samfunnsøkologi
  • Modul 5: Økosystemøkologi

For kvar modul er det ein oversikt over pensum som skal lesast og oppgåver som skal fullførast før første del av modulen. I timane skal du gjennomføre ein serie med individuelle og teambasert oppgåver som tek sikte på å utdjupe og utvide forståinga av materiale du har lese før timen. Kvar modul har sitt eige sett med vurderingar som vil bidra til din samla sluttkarakter.

Læringsutbyte

Kunnskap:

  • Beskrive og forklare økologiske teoriar og modellar på ulike organisasjonsnivå (til dømes individ, populasjon, samfunn, økosystem).
  • Samanlikne fordelar og ulemper ved ulike metodar og eksperimenter brukt av økologar for å studere økologiske mønster og prosessar.
  • Diskutere relevante, moderne og anvendte økologiske problemstillingar i lys av økologisk teori.

Ferdigheiter:

  • Analysere og tolke resultat frå ein mykje brukt statistisk og numerisk metode i samanheng med økologiske teori.
  • Konstruere nøyaktige illustrasjonar og grafar av data, teoriar og simuleringar og trekke konklusjonar frå desse.
  • Kritisk vurdere primærvitskapleg litteratur og sette nye casestudiar og døme i samanheng med dei økologiske teoriane som blir diskutert i emnet.
  • Beskrive og rapportere vitskaplege resultat, teoriar og argument ved hjelp av akademiske kommunikasjonsformer (til dømes litteraturgjennomgang, akademiske tekstar og posterpresentasjonar).

Generell kompetanse:

  • Kunne presentere, munnleg og skriftleg, forskingsresultat satt i samanheng med eksisterande kunnskap, også for ikkje-spesialistar.
  • Kunne analysere dei biologiske vitskaplege problemstillingane og delta i diskusjonen om tilnærmingar og måtar å løyse problemstillingane på.
  • Kunne arbeid sjølvstendig og i team med omfattande og krevjande oppgåver, i tillegg til å halde tidsfristar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor (vidarekomne) og master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi (10 studiepoeng), eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Emne ekvivalent til:
  • BIO102 Organismebiologi 2 (10 studiepoeng)
  • MAT101 Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
  • MAT102 Brukarkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning og innlevering
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på første førelesing og på minst 80% av undervisningen.
Vurderingsformer
Mappevurdering, som består av:
  • Munnleg eksamen, utgjer 60% av karakteren. Munnleg eksamen må vere bestått for å bestå emnet.
  • Skriftlege oppgåver (inkludert fleirvalsoppgåvesett, semesteroppgåve og presentasjonar eller postere basert på gruppearbeid), utgjer 40% av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Høst
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.02. for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studierogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.