Akademisk skriving

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

- Skrive alle delar av ein vitskapeleg artikkel i IMRaD-format.

- Bruke opne data og bibliotekressursar på ein føremålstenleg måte når du utfører vitskapeleg forsking.

- Utvikle spørsmål og hypotesar om eit utval vitskapelege tema, i samarbeid med andre.

- Skrive om eit vitskapeleg emne, sette det inn i ein vitskapeleg kontekst og kritisk bruke vitskapeleg litteratur.

- Skrive klare akademiske tekstar med passande stil og struktur, og inkludert resultater, tabellar og figurar.

- Presentere eit forskingsprosjekt i form av ein vitskapeleg plakat, i samarbeid med andre.

Læringsutbyte

Etter å ha tatt dette emnet skal studentane vere i stand til å
  • skrive ei masteroppgåve i IMRaD-formatet
  • stille eit forskingsspørsmål, formulere ei hypotese, samle relevante data og lage figurar
  • skrive ein vitskapleg tekst med flyt og stil, med kritisk bruk av kjernelitteratur
  • presentere eit forskingsprosjekt i ulike format
  • arbeide med andre for å forbetre eit tekstutkast

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
BIO300: 5 studiepoeng
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Datainnsamling, rapport og presentasjonar. Obligatoriske aktivitetar gyldige i 1 semester.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Karakterskala
Bokstavkarakter A-F.
Vurderingssemester
Mappeevaluering - kun eksamen i undervisingssemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.