Metoder i biomedisinsk forskning

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten ei teoretisk oversikt over metodar og teknologi som vert brukt i medisinsk grunnforsking, samt å gje studenten eksperimentell erfaring med nokre utvalde metodar i eit aktivt forskingsmiljø. Vidare gjev emnet studenten opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogram. Studenten vert også trena i korleis presentere problemstillingar og forskingsresultat på ein vitskapeleg måte. Emnet består av en teoretisk del (om lag 4 veker) fulgt av ein praktisk del med laboratoriearbeid (om lag 8 veker).

Læringsutbyte

Etter fullført BMED320 kan studenten:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om biomedisinske metodar
  • har spesialisert teoretisk og metodologisk innsikt i eit utval metodar tileigna gjennom laboratorieprosjektet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan greie ut om føremålstenleg bruk av ulike metodar med utgangspunkt i gitte cellebiologiske problemstillingar
  • kan kritisk vurdere eigne eksperimentelle resultat
  • kan til viss grad søkje og nyttiggjere seg av relevant vitskapeleg originallitteratur
  • har ei viss trening i produksjon av vitskapelege tekstar etter gjeldande etiske normer

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan skikke seg i arbeidsmiljøet på laboratoriet
  • kan planlegge og gjennomføre enkeltforsøk i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan til en viss grad analysera og høva seg kritisk til ulike kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i biomedisin

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Generelle kunnskapar i molekylærbiologi og cellebiologi. Studentane må kjenne prinsippa for elementære molekylærbiologiske metodar og omgrep som til dømes: restriksjonsenzym, polyakrylamid gel-elektroforese, agarose gel-elektroforese, polymerase chain reaction (PCR), Western blotting og cDNA.
Studiepoengsreduksjon

HUIMM306 5 stp

BMED321 5 stp

HUIMM906A 4 stp

HUIMM306A 4 stp

Krav til studierett
Studentar på masterprogrammet i biomedisin ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet går over 13-14 veker.Emnet startar med obligatoriske førelesningar (om lag 4 veker) og fortset med obligatorisk laboratorieundervisning under rettleiing. Antal førelesingar per veke varierer (mellom 8 og 16). Under vekene med laboratoriearbeid vert det forventa normal arbeidsinnsats; om lag 40 timer i veka. Dette betyr at emnet vanskelig kan kombinerast med andre emne.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte til undervisinga.
Vurderingsformer

Vurdering i emnet er todelt:

  1. Heimeeksamen etter avslutta teoriundervisning.
  2. Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.

Dei to delane tel høvesvis 55 og 45 prosent av endeleg karakter. Du må bestå begge delane for å bestå emnet.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
"Molecular Biology of the Cell", Alberts et al., review-artiklar, originalartiklar og handouts.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Programansvarleg
Programutvalget for biomedisin
Administrativt ansvarleg
Institutt for biomedisin