Seminarserie

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje oversikt over ulike disiplinar innan biomedisin. Studentane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapeleg informasjon, og får trening i vitskapeleg skriving.

Seminarserien består av to seminar kvar månad gjeve på engelsk av føredragshaldarar frå både inn- og utland. Dei er ekspertar innan sine fagfelt, blant anna innan molekylærbiologi, biokjemi, cellebiologi, biomedisin, fysiologi, nevrovitskap, translasjonell medisin, strukturbiologi, proteomikk og bioinformatikk. Dei er valt ut etter kriterium som kompetanse, formidlingsevne og emnediversitet.

Program for seminara: https://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars

Læringsutbyte

Etter fullført emne kan studenten:

Kunnskapar

  • Kjenne til fagomgrep innanfor ei breidde av dei biovitskapelege områda.
  • Kjenne til ulike aspekt av ¿state-of-the-art¿ forskingspraksis som fører fram til nye vitskapelege erkjenningar.

Ferdigheiter

  • Følgje og forstå vitskapelege føredrag og formulere gode rapportar.
  • Framvise forbetra skriftleg framstillingsevne basert på innspel frå /diskusjonar med fagpersonar.
  • Ved ein samanlikning av ulike måtar å presentere eit vitskapeleg prosjekt på, få eit godt grunnlag for eigen presentasjonsteknikk.

Generell kompetanse

  • Definere eit framtidig forskingsfelt for seinare studiar basert på ein utvida vitskapeleg horisont.
  • Vere i stand til å utføre sjølvstendig skrivearbeid på vitskapeleg vis.
  • Erkjenne nytten av å delta på vitskapelege seminar gjeve av toppranka forskarar.

Undervisningssemester

Vår + Haust (2 påfølgjande semester med start vår)
Krav til forkunnskapar
Minimum bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon

HUCEL371

Delar av kurset overlappar med CCBIO902

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning:

  • Felles informasjonsmøter (obligatorisk)
  • To seminar kvar månad (obligatorisk deltaking på 16 seminar i to semester)
  • Éin-til-éin-møter med emneansvarleg for gjennomgang av rapportar (obligatorisk)
  • Modul om forskingsformidling på MittUiB (obligatorisk)

Omfang:

  • To informasjonsmøter à 1 time
  • 16 seminar à 2 timar (inkluderer førebuing)
  • To rapportar à 40 timar
  • To gjennomgangar med emneansvarleg à 1,5 timar
  • Modul om forskingsformidling på MittUiB à 10 timar

Totalt 127 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på minimum 16 av seminara i to semester (deltaking vert registrert). I tillegg kjem obligatoriske informasjonsmøter, éin-til-éin-møter med emneansvarleg og gjennomføring av obligatorisk modul om forskingsformidling på MittUiB.

Vurderingsformer

Selvrettande flervalgsoppgåve knytt til modul om forskingsformidling på MittUiB.

Innlevering av éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinene som er publisert på MittUiB. Rapportane skal vere på 3-4 sider og skrivast på engelsk.

Emneansvarleg nyttar eit eige skjema i vurdering av rapportane.

Studentane vert innkalla til obligatorisk gjennomgong av dei korrigerte rapportane med emneansvarleg.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.