Berekraftig innovasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Klima- og energiomstilling og bærekraftig utvikling krever innovasjon i alle samfunnssektorer. Verksemder både i offentlig og privat sektor er i aukande grad avhengige av evne til omstilling og innovasjon, og mange av desse utfordringane er knytta berekraft. Målet med eit tverrfagleg emne i berekraftig innovasjon er at studenten skal tileigne seg praktisk og teoretisk kompetanse som kan nyttast i nyskapingsprosessar når studenten skal ut i arbeidslivet.

Emnet omfattar både ei teoretisk og ei praktisk tilnærming. Studenten tileignar seg metodar for innovasjon, berekraftig utvikling, kreative prosessar og tverrfagleg samarbeid ved hjelp av case-basert læring. Emnet legg opp til at studentane lærer stega i metodane gjennom å delta aktivt i case-baserte innovasjonsprosessar.

Emnet kombinerar teori med praksis:

  • Teoretisk del: teoretisk gjennomgang av innovasjonsmetodikkar som «design thinking», grønn innovasjon og sosialt entreprenørskap, samt teoriar om og modellar for berekraftig utvikling.
  • Praktisk del: Studentane jobbar i tverrfaglege grupper der metodane frå teoridelen blir brukt i praksis gjennom å arbeide med eksempel. Eksempla vert utvikla i samarbeid med partnarane frå arbeids- og næringsliv.

Emnet omfattar sentrale metodar og teoriar innan innovasjon- og entreprenørskap og kreativitet, med vekt på korleis ein skapar berekraftige løysingar. Emnet er praksis-orientert, medan det gir studenten høve til ei brei teoretisk tilnærming.

Emnet åpent for studenter fra alle studieretningar.

Læringsutbyte

Etter gjennomført tverrfagleg emne i berekraftig innovasjon har/kan studenten:

Kunnskap

  • brei kunnskap om innovasjonsprosesser, metodar for grøn innovasjon, strategiar for berekraft og tverrfaglig samarbeid, inklusive metoden «design thinking» / «human centred design»;
  • kunnskap om klima- og energiomstilling, FNs mål for berekraft samt korleis ulike sider av bærekraft samspelar;
  • kunnskap om korleis ein kan evaluere innovasjoner frå eit berekraftsperspektiv.

Ferdigheiter

  • bruke innovasjonsmetodikk i praksis som eit verktøy for å løyse reelle utfordringar i samfunnet eller i verksemder;
  • metodar for å jobbe i tverrfaglege grupper;
  • metodar for å arbeide med berekraft og grønn omstilling i offentlig og privat sektor.

Generell kompetanse

  • planlegge og gjennomføre eit tverrfagleg innovasjonsprosjekt knyttet til berekraft;
  • formidle sentrale teoriar om og metodar for berekraftig innovasjon;
  • reflektere over etiske problem knytt til innovasjon og berekraft.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Avlagt eksamen i universitets- eller høgskulefag tilsvarande minimum 60 studiepoeng.
Tilrådde forkunnskapar
Ex.phil eller ex.fac eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Ope for alle studentar ved UiB.

Emne har 45 studieplassar. Ved kapasitetsproblem vil vi etterstrebe ei tverrfagleg samansett studentgruppe.

Emnet har undervisningssøknad. Søknad er undervisningsmelding i Studentweb innan 10. januar.

Arbeids- og undervisningsformer
6-10 samlingar (modular á 3-7 timer), totalt 25-40 timer. Modulane vil samlast rundt eit kurseksempel og nytte «design thinking» og berekraft som gjennomgåande tilnærming til innovasjonsprosessar. Rettleiarar og forelesarar vil vere til stades i alle dei seks modulane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Samlingane er obligatoriske, men eit fråvær på inntil 20 % kan godkjennast. Det er venta at studentane jobbar saman mellom samlingane.

Gruppene skal presentere prosjekta framføre studentar, rettleiarar og case-eigarar ("pitch").

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er kun gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Individuell rapport (25 %)
  • Skriftleg rapport av gruppeprosjektet (50 %)
  • Individuell rapport som evaluerer prosjektet (25 %)

Gjennom prosjektet skal alle studentar skrive ein individuell rapport koblet till prosjektoppgåvens tematikk (ca. 1500 ord, tel 25 %). Etter gruppepresentasjonen (se obligatoriske undervisnignsaktivitet) skal gruppene levere ein skriftleg rapport av prosjektoppgåva (tel 50 %). Alle studentar leverer også ein rapport på 1500- 2000 ord (tel 25 %), der studenten skal drøfte ei gitt problemstilling i relasjon til teori og samarbeidsprosessen i kurset.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.geog@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg

Institutt for geografi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av dette emnet.

.

Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.