Fransk didaktikk 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Fagdidaktikk i fransk inngår som ein del av universitetet sin fransklærarutdanning. Franskdidaktikk 2 (Didafran2) er ei vidareføring av Franskdidaktikk 1 (Didafran1).

Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i fransk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis franskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere fransklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Når det er mogleg, er studiet organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskapsteoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

Studiet består av fire målområder:

  • Faget sin eigenart og utvikling
  • Teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring
  • Tilrettelegging for fransklæring, vurdering og utvikling av elevane si innsikt i eiga læring
  • Læraren som forskar i eiga undervisning

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i franskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur, språklæring og forsking, og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i fransk og generelt til å videreutvikle egen kompetanse i franskdidaktikk.

Kunnskapar

Kandidaten ...

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i fransk som dannings- og dugleiksfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kjennskap til forskingsmetodar innanfor språkdidaktikk

Ferdigheiter

Kandidaten ¿

  • kan vurdere franskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar.
  • har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er formålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei måla som er nedfelte i læreplanane.
  • har utvikla evne til å støtte elevane i deira arbeid med å lære fransk og lære å lære.
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av franskfaget og kan kunne vurdere elevane si læring i fransk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
  • kan gjennomføre forskingsbaserte undersøkingar i språkdidaktikk
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten ¿

  • kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv.
  • kan undersøkje og drøfte fransklæring i lys av kunnskap innanfor dei franskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • har vidareutvikla strategiar til å fornye og utvikle fagdidaktisk kompetanse i fransk, til dømes ved å reflektere over og vurdere eiga og andre si undervisning.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

- om lag 24 timar undervisningar fordelt mellom førelesingar og seminar

- Rettleiing og skolebesøk

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

Om det meldar seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgande aktivitetar:

  • ha teke aktivt del i ein forumsdiskusjon på nettet der sentrale fagdidaktiske spørsmål vert drøfta i lys av eigne praksiserfaringar og fagdidaktisk teori (f. eks praksislogg, eller liknande)
  • ha delteke i eit etterarbeid knytt til avtalt tema (f. eks. undervisningsopplegg, forskingsprosjekt, e.l.).

Nærare informasjon vert gitt ved semesterstart.

Det er obligatorisk frammøte på minst 75% av undervisningane (også digital) , og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleidd prosjektoppgåve eller ein munnleg eksamen med utgangspunkt i digital prosessmappe. Eksamensspråket er norsk eller fransk.

Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på ca. 4000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Prosjektoppgåva kan skrivast individuelt eller som gruppeeksamen i par. Studentar som vil skrive prosjektoppgåva som gruppeeksamen (i par) må melde frå på e-post til eksamen@if.uib.no seinast innan 15. mars.

Den munnlege eksamen varar i om lag 30 minutt.

Ved gruppevurdering gjeld Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen: § 6.2.6 Særskilt om gruppevurdering

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Fagmiljøet i fransk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.