Digitalisering i Helse: Digitaliseringsprosjekt og implementering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mange klinikkar får si første kjennskap til Helseinformatikk/eHelse gjennom deltakelse i ulike prosjekt. Målet med dette emnet er difor å gi studentane kunnskap om korleis eit IKT/digitaliseringsprosjekt gjennomførast gjennom dei ulike fasane i eit prosjekt. Vidare vil emnet gi studentane innføring i ulike prosjekttypar, rollar og styringsstrukturane som er i eit prosjekt. Vil få forståing for aktivitetar rundt eit prosjekt slik som behovskartlegging, anskaffelse, brukeroppleving, risiko og korleis man hentar ut effektar etter ein gjennomføring. Studentane vil også få kjennskap til implementeringsstrategi og overgang frå prosjekt til drift.

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar om:

  • Inngåande kunnskap om prosjektmetodikk og prosjektteori med vekt på behovskartlegging, planlegging, gjennomføring og gevinstrealisering
  • kan anvende kunnskap om ulike roller og styringsstruktur i digitaliseringsprosjekt
  • kan anvende kunnskap om metodar for systematisk brukerinvolvering
  • Inngåande kunnskap om risikovurderingar i prosjekt
  • regler og moglegheiter i anskaffelseprosesser
  • anvende kunnskap om implementeringsteorier, implementeringsstrategier og overgang frå prosjekt til drift

Ferdigheiter til å:

  • Anvende prosjektmetodikk for planlegge, gjennomføre og evaluere eit digitaliseringsprosjekt¿
  • Identifisere og adressere hemmare og fremmere i implementeringsprosjekt¿

Generell kompetanse til å:

  • Anvende sine kunnskapar om og ferdigheiter i digitaliseringsprosjekter
  • Anvende sine kunnskapar om og ferdigheiter i å adresse hemmere og fremmere i¿ implementeringsprosjekt.
  • Kan delta inn i ulike faser i digitaliseringsprosjekter i helsesektoren

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått emnet DIGHEL630 - Digitalisering i helse: Individ, organisasjon og samfunn
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Målgruppa for utdanningstilbodet er helsepersonell, leiarar, superbrukara, systemansvarlege, sikkerheitsansvarlege, prosjektmedarbeidarar og gründerar i både offentleg og privat sektor. Tilbodet skal være relevant for leiarar og medarbeidarar med eit bredt spekter av fagområdet og yrkesfunksjoner i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar, som er alle involvert i og berørt av den gjennomgripande digitaliseringa som skjer i helsesektoren.

Gjennomført og bestått emnet DIGHEL630

Arbeids- og undervisningsformer

Læring vil foregå via ein kombinasjon av undervisning, case diskusjonar og bruk av oppgåver der studentane bruker sin profesjonelle bakgrunn i arbeidet med ulike tema.

Undervisinga kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar brukast aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv bruker eigne behov dei ønsker å gjennomføre som eit prosjekt. Studentane jobbar på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal, gjennomføre og levere caseoppgaver, gi kvarandrevurdering og gjennomføre quiz.

Obligatoriske krav blir vurdert til "godkjent / ikkje godkjent".

Vurderingsformer
Heimeeksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programutval for leiing, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse har ansvar for fagleg innhald,oppbygging og kvaliteten av studiet.
Emneansvarleg
Programutval for leiing, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse har ansvar for fagleg innhald,oppbygging og kvaliteten av studiet.
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for