Medical Data Science

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over fagfeltet medisinsk datavitskap med vekt på både løfta og utfordringane ved å utvikle og bruke digital teknologi i helsevesenet, gjennom heile mennesket si levetid - frå vogge til grav.

Innhald:

Digitalisering påverkar alle aspekt av livet, inkludert medisin. For eksempel, ettersom fjernovervaking blir meir og meir mogleg, endrar digitaliseringa grunnleggande korleis helsetenestene er organisert. Trass i løftet om å spare kostnadar og auke effektiviteten, går framgangen sakte på grunn av krava til ny kompetanse på alle nivå i helsesektoren. Dette kurset tar sikte på å gje ei innføring i effekten av digitalisering av helsevesenet gjennom alle stadia av menneskelivet - frå vogge til død. Kurset vil gjere det mogleg for studentane å utvikle ferdigheiter og kompetanse for å forstå det nye feltet medisinsk datavitskap. Kurset har som mål å gje studentar med ulik bakgrunn og ulike interesser eit grunnlag for å bidra til digitaliseringa av helsevesenet gjennom forsking og innovasjon.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • Forklare feltet medisinsk datavitskap og korleis det bidrar til førebyggande, presis og personleg helsehjelp.
  • Forstå dei grunnleggande elementa i:
    1. Menneskeleg cellebiologi inkludert genetikk
    2. Medisinske og kliniske data, inkludert registerdata og helsedata frå berbare einingar.
  • Anerkjenne etiske problemstillingar og mishøve knytt til digitalisering av helsedata.

Ferdigheiter

Studenten har:

  • Medvit om ulike former for medisinske data (genomikk, bildebehandling, register, helsejournalar og berbare einingar) og etiske problem og mishøve knytt til dei.
  • Praktisk erfaring med å handtere medisinsk dataanalyse for å forstå både moglegheiter og utfordringar.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Beskrive det siste innan digitalisering av helsevesenet
  • Kommunisere og samarbeide i tverrfaglege prosjekt innanfor medisinsk datavitskap

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

200 nivå

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Digital
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved UiB. Emnet har kapasitet til 200 studentar kvart semester.
Arbeids- og undervisningsformer

Digitale modular på Mitt UiB.

Fem ikkje-obligatoriske digitale gruppesamlingar kor studenten kan få hjelp til dei obligatoriske oppgåvene.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Nettbaserte obligatoriske oppgåver (t.d. fleirvalsspørsmål).
Vurderingsformer
Emnet er bestått når alt obligatorisk arbeid er gjennomført og godkjent av instruktør.
Karakterskala
Bestått / ikke bestått
Vurderingssemester
Vurdering vert tilbydd både haust og vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Studieleiinga ved fakultetet
Administrativt ansvarleg
Klinisk institutt 2