Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring og ein kritisk analyse av historiske, kulturelle og normative sider ved informasjonsteknologien. Emnet er delt i tre modular med kvart sitt tema som vil variere frå år til år. Mogelege tema kan mellom anna vere digital overvaking, identitet på nett, kjønn og teknologi, nettbruk i globalt perspektiv, etikk i eit digitalt samfunn, sjølvrepresentasjon i digitale medium.

Dette emnet er eit fundament for vidare studium innan dei kulturelle og samfunnsmessige sidene ved teknologi. Vi legg også stor vekt på at studentane skal skrive gjennom heile semesteret og få tilbakemelding på tekstane sine. Studentane trener òg på å sjølv utvikle og gi innsiktsfulle og hjelpande kommentarar. For delar av kurset fører jobbinga med tematikken òg fram til alternative akademiske formidlingsformer. Emnet byggjer på ferdigheit i akademisk skriving (jf. introduksjonskurset) og dannar på si side grunnlaget for Dikult251.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om ulike humanistiske tilnærmingar til analyse av teknologi i samfunnet
  • om korleis den digitale kulturen påverkar vår forståing av oss sjølv og kvarandre

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • gjere sjølvstendige vurderingar av kulturelle, normative og sosiale sider ved og konsekvensar av informasjons- og kommunikasjonsteknologien
  • argumentere for eit standpunkt i etiske og normative spørsmål om teknologi med heimel i faktakunnskap og forskning. Eksemplar på slike spørsmål kan tildømes vere forholdet mellom overvåking og personvern eller mellom piratkopiering og opphavsrett.
  • utvikle gode akademiske tilbakemeldingar på andre sine tekstar
  • bidra til eit akademisk formidlingsopplegg som ikkje er ein akademisk essay-tekst

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving
  • bruke kjelder i samspel med eigne refleksjonar til å utvikle argumentsasjonsrekker
  • jobbe med konstruktive tilbakemeldingar på eigne tekstar

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
DIKULT101, DIKULT104
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde to førelesningar på to timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.

Forelesingar og rettleiing i høve oppgåveskriving.

Undervisinga er fordelt i tre bolkar med kvar sitt tema. Kvar av dei tre modulane blir etterfølgd av ein periode med skriving og tilbakemelding/rettleiing, inkludert fagfellevurdering. I ein av bolkane skal studenten utvikle eit formidlingsprosjekt som gruppearbeid.

Det er viktig at studentane les og følgjer årets kursmanual i veka før undervisninga tek til.

Forelesingane er student-aktive, og vil som oftast vere ein kombinasjon av korte foredrag frå forelesar, diskusjonar i smågrupper, presentasjonar av gruppearbeid frå studentane, plenumsdiskusjonar, skriveøvingar og praktiske oppgåvar kor ein kan nytte datalab eller medbrakte datamaskinar eller smarttelefonar.

Studentane må lese oppgitt pensum (inkludert evt videoar og liknande) i forkant av forelesingane, fordi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Det vil ofte vere korte skriveøvingar i lekse frå ei forelesing til neste, kor ein t.d. skal skrive om lag 200 ord om eit tema etter ein mal for akademisk argumentasjon, eller bidra til eit diskusjonsforum. Ein annan type lekse kan vere å bruke sosiale medium for å finne og setje saman postar om eit bestemt tema, eller å dokumentere noko gjennom bilete eller lyd. Det er naudsynt å gjere desse leksene for å delta i undervisinga, då ein vil diskutere oppgåvene i grupper eller i plenum på neste forelesning. Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til eiga lesning og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

For to av bolkane må studenten levere ei oppgåve om temaet på minst 1000 ord. Oppgåvene må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon og sitering. Det er obligatorisk rettleiing (fagfellevurdering) med faglærar og medstudentar for kvar av desse oppgåvene. For kvar av oppgåvene må studenten delta førebudd i to slike vurderingar for medstudentar. Faglærer eller emneansvarleg godkjenner innleverte oppgåver og deltaking i fagfellevurderinga. All aktivitet (innlevering og fagfellevurdering) må vere godkjend før studenten kan ta eksamen.

Ein av bolkane vil innehalde gruppearbeid som resulterer i eit produkt, til dømes ein kollaborativ video. Detaljane som form og krav vil verte annonserte i byrjinga av semesteret. Det må vere klårt frå produktet kva studenten har bidratt med. Bidraget må halde eit akademisk innsiktsfullt nivå. Faglærer eller emneansvarleg godkjenner deltakinga i dette prosjektet.

Alle oppgåvene må takast i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Studenten skal byggje opp ei mappe som dannar grunnlaget for vurderinga.

Mappa skal innehalde to akademiske essay, kvart av dei på omlag 2000 ord. Dei skal vere utvidingar av essaya frå bolkane og spegla att læringa frå skriving og rettleiing. Begge må vere greidde, og begge har omlag same vekt i vurderinga. Det vert gitt berre éin karakter på heile mappa.

Mappa skal òg innehalde ein kort rapport om gruppeprosjektet med lenke til produktet eller dokumentasjon av produktet. Denne har justerande funksjon.

Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste

Vi nyttar bøker og artiklar som vil vere tilgjengeleg i bokhandel, i digitalt kompendium eller som er fritt tilgjengelege på nett. Videoopptak av foredrag på nettet eller dokumentarfilmar kan også vere på pensum, og då vil dei anten vere fritt tilgjengelege på nettet eller bli vist i undervisinga. Studentane må også rekne med å bruke tid på å gjere seg kjende med utvalde nettstadar, sosiale medium og debattar som foregår på nettet.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur.
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.