Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi ei fordjuping i eit tema knytt til relasjonane mellom informasjonsteknologiar, samfunn og kultur. Emnet formidlar både breie teoretiske perspektiv og fordjuping i eit konkret område.

Vektlegginga av tema og val av fordjupingsområde vil kunne variere, og kan til dømes vere estetisk, historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk.

Studentane skal utvikle evna til å reflektere kritisk omkring korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet og korleis nye kulturelle dimensjonar kjem til uttrykk. Dei skal kjenne til og kunne bruke teoretiske omgrep og perspektiv.

Oppgåva gir trening i å anvende aktuelle teoretiske perpektiv på eit fordjupningsområde.

Det blir gitt rettleiing i reglar og normer for akademisk skriving.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om eit sentralt tema innan Digital kultur
  • om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
  • gi ein kritisk analyse av teknologi i ein sosial og kulturell kontekst
  • skrive analytiske tekstar innan akademisk skriving

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
  • skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng i digital kultur eller liknande.
Tilrådde forkunnskapar

Emnet bør takast som det siste emnet i bachelorprogrammet, dvs. etter dei obligatoriske emna i Digital kultur og dei frie studiepoenga.

Emnet byggjer på kunnskaper og ferdigheiter lærd i DIKULT106 eller tilsvarande kunnskapar om teknologi og samfunn.

Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 100% med tidlegare DIKULT206.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er seminarbasert og det blir forventa at studentane tek aktiv del i diskusjonar i klasserommet, og i presentasjonar i elektroniske fora som inngår i undervisningsopplegget.

Alle studentar skal presentere tekstar frå pensum og leie diskusjon om tekstane i seminarer. I tillegg vil ein presentere si eiga oppgåve undervegs i semesteret og gje tilbakemeldingar til medstudentar om deira oppgåver.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med eit sjølvskrive utkast. Fyrste møte vil vere ved starten av oppgåveskrivinga. Siste møte vil vere i samband med innlevering av siste utkast.

Det er obligatorisk krav om munnleg presentasjon av oppgåva.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret

Vurderingsformer
Kandidaten leverer ei bacheloroppgåve på omlag 5000 ord (ekskludert referansar) om ei sjølvvald problemstilling innanfor fordjupingsområdet frå undervisninga.
Karakterskala
Oppgåva får ein karakter på skalaen A til F. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Emneansvarleg lagar ei felles liste for emnet med artiklar, bøker og evt videoar og anna ikkje-skriftleg materiale. Studenten vel sjølv fleire kjelder til oppgåva. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.

Kjeldene bør tilsvare omlag 1000 sider med tekst, og hovedvekta skal vere på akademiske tekstar. Ein kan i tillegg nytta andre kjelder som er relevante for prosjektet.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium