Forskingsmetodar og utvikling av mastergradsprosjekt i digital kultur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette kurset gir ei oversikt over sentrale forskingsmetodar innan digital kultur og har eit fastsett pensum på rundt 500 sider. Studentane skal levere ei prosjektskisse for masteroppgåva. Studentane skal òg levere eit sjølvvalt pensum på rundt 500 sider knytte til området dei planlegg å skrive om i masteroppgåva.

Dette emnet er ein obligatorisk del av masterprogrammet i digital kultur.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • eit breitt spekter av kvantitative, kvalitative og hermeneutiske forskingsmetodar innan Digital kultur
  • eit breitt spekter av teoriar som tilbyr ulike forståingsrammer innen Digital kultur
  • lover og etiske normer som gjeld i samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • på sjølvstendig grunnlag definere eit problemområde og isolere sentrale problemstillingar
  • omtale og samanlikne ulike teoriar i relasjon til ein gitt tematikk
  • avleie metodar ut frå ei teoretisk vurdering og kunnskapsmål
  • omsetje desse metodane til konkrete aktivitetar med materiale, menneske eller andre forskingsobjekt.
  • planleggje gjennomføringa av mastergradsprosjektet i Digital kultur

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • presentere og forsvare ein prosjektutviklingsprosess for utanforståande fagfolk
  • formulere og munnleg formidle sitt skriftlege arbeid til eit akademisk publikum

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Studentar på andre masterprogram kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde ein førelesning eller eit seminar på tre timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret. I tillegg til seminara vert det gitt individuell rettleiing for utviklinga av prosjektskissa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje ta eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Dei obligatoriske aktivitetane er anten godkjende eller ikkje godkjende, og er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Emnet munnar ut i ei prosjektskisse for mastergradsoppgåva inkludert ein arbeidsplan. Den ferdige prosjektskissa skal vera på mellom 5000 og 7000 ord.

Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.

Karakterskala
Greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Studentane skal lese eit felles pensum på omlag 500 sider. Pensumet kan vere bøker, artiklar eller nettbaserte tekstar som omhandlar ulike teoriar, forskingsmetodar og debatt i digital kultur. I samarbeid med emneansvarleg skal studentane finne fagstoff tilsvarande 500 sider som er spesifikt og relevant for deira eiga planlagde masteroppgåve.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Emneansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium