Miljø- og ressursøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Når folks behov er lite i forhold til det som er tilgjengeleg av resursar går det som regel greitt. Folk bekymrar seg ikkje over luftforureiningar når lufta stort sett er rein. Folk bekymrar seg heller ikkje over støy når det stort sett er stille. Men når luftforureiningar aukar, når folk blir sjuke av luftvegsinfeksjonar og når folk plagast av trafikkstøy, ønsker folk reinare luft og mindre støy. Med fri tilgang til luft og stillhet kan kvar av oss uintendert skada andre folk. Det kalles eksternaliteter.   

Eit kjernespørsmål i kurset er korleis folk faktisk løyser eksternaliteter. Vil den usynlege handa i marknaden løysa eksternaliteter? Eller må den synlege handa til staten bidra?

Målsetjinga for kurset er å gi ei brei innføring i miljø- og naturressursøkonomi. Kurset startar med ein gjennomgang av ei historisk utvikling i verda med vekt på økonomi, sosiale forhold, miljø og naturressursar.

Deretter går kurset inn på økonomiske tenkemåtar. Sentrale omgrep er marknader, frivillige byte, arbeidsdeling og spesialisering, kostnader og avgjerder, etterspørsel, prisar som koordinering i marknader, eigedomsrett og sosiale normer.  Kurset tar opp sentrale ombegrep knytt til miljøøkonomi: eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie, fanganes dilemma og gratis passasjerproblemet. Videre tar kurset opp offentleg verkemiddelbruk som miljøskatter (også kalt Pigou-skatter), omsettelege kvotar og regulering.  Kurset går inn på markedsbasert tilnærmingar til miljøproblem, og korleis folk i praksis løyser miljøproblem.

Kurset legg òg vekt på økonomisk teori knyta til utnytting av fornybare ressursar som skog, fisk og vatn og ikkje-fornybare ressursar av olje, naturgass og kol.

Kurset blir knytt til aktuelle miljøpolitiske tema som utslepp av klimagassar og FNs berekraftsmål.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Skal ha kunnskap om historiske utvikling med vekt på økonomi, sosiale forhold, miljø og naturressursar.
  • Har kjennskap til dei sentrale miljøspørsmåla som luftforureining og utslepp av klimagassar
  • Kan gjera greie på sentrale omgrep i marknadsteori som frivillig byte, spesialisering og arbeidsdeling, kostnader og avgjerder, tilbod og etterspørsel, priser.   
  • Kan gjera greie på sentrale omgrep innanfor miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive gode, fangenes dilemma, allmenningens tragedie og gratispassasjerproblemet
  • Kan gjera reie for teorier om sosiale normer og hvordan det relaterer til eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie og gratispassasjerproblemet
  • Kan gjera greie på ulike offentlege verkemiddel som Pigouskatter, omsettelege kvotar og  miljøstandardar.  
  • Kan gjera greie på ulike private verkemidlar som Coase forhandlingar og korleis sosiale normer utviklast for å handtere miljøproblem. 
  • Kan forklare sentrale omgrep som ressursrente og ressursknappheit.

Ferdigheiter

Studenten

  • Skal vera i stand til å analysera og formidla samanheng mellom miljø og økonomi. 
  • Kan gjere reie for sentrale omgrep innan økonomi som frivillig byte, kostnader, etterspørsel og prisar.
  • Kan gjere reie for sentral omgrep i miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie og fangens dilemma
  • Kan gjere reie for sosiale normer og korleis dei kan påvirke eksternaliteter.
  • Kan gjere reie for offentlege verkemiddel som miljøskatter (Pigou-skatter), omsettelege kvoter og miljøstandarder.
  • Kan gjere reie for private verkemidlar som Coase forhandlingar og eigedomsrett.
  • Kan gjere reie for prinsipp for samfunnsøkonomisk utvinning av ikke-fornybare ressursar som olje, gass og kull og fornybare ressursar som fisk og skog.
  • Kan drøfta aktuelle miljøpolitiske tema som FNs berekraftsmål og utslepp av klimagass.

Generell kompetanse 

Studenten

  • skal vera i stand for å gjera reie for forskjellen på «topp-ned» tankemåte og «nedanfrå og opp» tankemåte i tilnærminga av kollektive problem.
  • skal vera i stand til å gjera reie forskjellen på forsking med mål med å søkje sanningog kunnskap og forsking med ein politisk agenda som mål.  

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
  • 15 førelesningar
  •  3 seminar
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Innlevering av utkast av dei to første oppgåvene i mappa. Desse to utkasta må vere godkjende.

    For å få godkjend eit utkast må det vere utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svare på størsteparten av oppgåva. Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvar av dei to utkasta.

    Dersom oppgåva skal leverast som podcast kan utkasta vere skriftlege.

    Vurderingsformer

    Mappevurdering med tre oppgåver.

    Kvar av oppgåvene kan skrivast ålene eller i ei gruppe på maks 3 studentar. Oppgåvene kan leverast skriftleg eller som podcast. Til karaktervurdering av emnet trekkes det ut ein av dei tre oppgåvene. Det er den same oppgåve for alle studentar.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar A-F
    Vurderingssemester

    Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no.

    Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.