Velferdsstatens økonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi ei forståing av offentleg inngrep i økonomien og innblikk i velferdsøkonomiske problemstillingar. Kurset vil svare på sentrale spørsmål som; kva er ein velferdsstat, kvifor har vi ein velferdsstat, kor stor bør ein velferdsstat vere, og kva kan vi gjere av økonomisk politikk innanfor velferdsstaten.

Marknadssvikt og fordelingsomsyn er årsaker til at offentleg sektor har ei dominerande rolle i moderne økonomiar. Kurset gir ei drøfting av det teoretiske grunnlaget for velferdsstaten og tar opp dagsaktuelle problemstillingar knyta til trygdesystemet og familiepolitikk. Offentlege overføringar, og formålet deira, blir diskutert. Velferdsstaten skal sikre medlemmene mot uventa hendingar som helsesvikt, sosial nød og tap av inntekt. Forsikringselementet i velferdsstaten blir grundig drøfta. Kurset vil og diskutera problemstillingar knyta til helse- og utdanningssektoren.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om velferdsstaten og ulike politiske og moralfilosofiske grunngjevingar for velferdsstaten
  • har kunnskap om samfunnsøkonomiske teori knyta til ulikhet, effektivitet og rettferd, samt asymmetrisk informasjon og optimal tilpasning innanfor velferdsstaten
  • kjenner til viktige overføringsordningar som sjukepengar, uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, alderspensjon, dagpengar og sosialstønad
  • har kunnskap om familie- og likestillingspolitikk med utgangpunkt i økonomiske modellar
  • kjenner til viktige velferdsøkonomisk reformer og estimering kausaleffektar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan inkorporere politiske og moralfilosofiske teoriar i analyse av velferdsstaten
  • kan analysere korleis konsumentar og tilbydarar tilpassar seg under ulike marknadsformer og forutsentningar
  • kan tolka teoretisk og empiriske analyser av ulike overføringsordningar som sjukepengar, uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, alderspensjon, dagpengar og sosialstønad opp mot effektivitet, fordeling og insentiveffektar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, teoriar, analysar og konklusjonar på tema innanfor velferdsstatens økonomi, både med spesialistar og andre

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.