Internasjonal makroøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å sette studenten i stand til å analysere makroøkonomisk politikk for ein liten open økonomi, og å gje eit grunnlag for vurdering av korleis styresmaktene kan sikre gjennomføring av sentrale makroøkonomiske målsetjingar som sysselsetting, inflasjon og økonomisk vekst, i ein situasjon der politikken kan påverke valutakursen. Ein går vidare mellom anna inn på globaliserte kapitalmarknader, optimale valutaområder og internasjonale pengesystem, såvel som den ulike fordelinga av inntekt mellom land.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal kunne

  • gjere greie for korleis ein stiller opp eit utanriksrekneskap, og bruke utanriksrekneskapen til å utvide nasjonalrekneskapsapparatet til opne økonomiar
  • gjere greie for korleis valutakursar blir bestemt
  • gjere greie for forholdet mellom valutakursendringar og relative prisar på ulike lands eksportvarer
  • gjere greie for teorien om kjøpekraftsparitet
  • beskrive og forklare den ulike fordelinga av inntekt mellom land

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • drøfte omgrepet realvalutakurs og kva som påverkar denne på lang sikt
  • drøfte forholdet mellom realvalutakurs og internasjonale forskjellar i realrenter
  • drøfte forholdet mellom makroøkonomisk politikk, driftsbalanse og valutakurs på kort og lang sikt
  • drøfte korleis fastkursregimer verkar
  • gje eit historisk oversyn over internasjonale pengesystem
  • drøfte «Mundells trilemma»
  • drøfte utfordringar knytt til finansiell globalisering, av dette årsaker til og konsekvensar av finanskrisa som starta i 2007
  • drøfte teorien for optimale valutaområde og drøfte utfordringar i eurosamarbeidet i lys av denne teorien
  • drøfte viktige økonomiske fellestrekk ved utviklingsland

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
6 studiepoeng med ITØK102
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.