Bacheloroppgave utan rettleiing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt økonomisk problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftas ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei empirisk analyse av kvantitative data.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan anvende teori og empiri til å forstå samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har kjennskap til vitskapeleg skriving og kjeldebruk

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan formulere, drøfte og analysere en samfunnsøkonomisk problemstilling
  • kan skrive en klar og strukturert oppgåve
  • kan innhente passande litteratur

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
10 studiepoeng mot ECON290 og ECON290A
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer

Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.

Det er mogleg å gjennomføre bacheloroppgåva på to forskjellige måtar:

  • med rettleiing og munnleg presentasjon (ECON290A) og
  • utan rettleiing og munnleg presentasjon (ECON290B).

ECON290A er tilrådd av Institutt for økonomi.

  • ECON290A: Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).
  • ECON290B: Inga rettleiing. ECON290B er basert utelukkande på sjølvsstudium.

NB: Frå 2023 blir ECON290 (A og B) berre tilbudt i vårsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Bacheloroppgåve

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no.

Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.