Masteroppgåve i energi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

  • demonstrerer ei solid generell forståing av energi innanfor den valde fordjupinga
  • demonstrerer ei detaljert forståing av aktuell vitskapleg litteratur som er relevant for masterprosjektet til studenten
  • veit korleis ein kan bidra med ny kunnskap til fagfeltet energi ved hjelp av den vitskaplege metoden
  • kjenner dei etiske standardane som er relevante for vitskapleg forskingsarbeid

 

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å planleggje og gjennomføre eksperimentelt, teoretisk eller numerisk arbeid under rettleiing og i samsvar med etiske retningslinjer for forsking
  • er i stand til å innhenta vitskaplege data, å få eigne resultat frå dataanalyse og å dokumentera utført arbeid
  • kan kritisk vurdera eigne eksperimentelle, teoretiske og numeriske resultat, også i samanheng med det vitskaplege arbeidet til andre

 

Generell kompetanse

Studenten

  • utvikler evna til kritisk, vitskapleg tenking
  • kan reflektere over verknaden av eige arbeid på arbeidet til andre
  • er i stand til å formidla resultat oppnådde frå eiga forsking både munnleg og skriftleg

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
Opptak på det integrerte masterprogrammet i energi (sivilingeniør).
Krav til studierett
For å ta emnet krevst opptak på det integrerte masterprogrammet i energi (sivilingeniør) ved Geofysisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane utfører rettleia vitskapleg forskingsarbeid på det valde temaet, dokumentert i ei skriftleg masteroppgåve. Studentane deltek på vanlege masterseminarmøte der dei presenterer framdriftsrapportar for andre studentar.
Vurderingsformer
Masterstudiet blir avslutta med munnleg mastereksamen etter at oppgåva er levert og godkjend. Denne eksamenen består av ein offentleg presentasjon på ca. 30 minutt, der studenten gir ei oversikt over oppgåva. Sensor, rettleiar(ar) og intern(e) sensor(ar) bør normalt vera til stades ved den offentlege presentasjonen. Ein ikkje-offentleg munnleg eksamen/samtale om oppgåva bør følgja presentasjonen. Oppgåva bør ha ein tentativ karakter basert på eit evalueringsskjema utfylt av sensorar før presentasjonen. Presentasjonen, saman med munnleg eksamen/samtale, kan justera karakteren på oppgåva. Berre den endelege karakteren blir gjort kjent for studenten, og blir vist på karakterutskrifta. Oppgåva skal leverast seinast i 10. semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.