System og variasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har to modular og er ein introduksjon til sentrale aspekt ved det engelske språksystemet og engelsk språkvariasjon.

Emnet utforskar språksystemet, språkvariasjon og språk i kontekst ved å studere språklege mønster på ulike nivå. Innhaldet i emnet kan variere frå år til år, og kan vere ulike kombinasjonar av tema.

Emnet kombinerer teori og praktiske øvingar for å gi studentane ei brei forståing av innhaldet.

Systemmodulen tek for seg ein eller fleire sentrale språkkomponentar i engelsk, som t.d. leksikon, semantikk, fonologi, morfologi eller syntaks.

Variasjonsmodulen tek for seg fonologisk og/eller morfosyntaktisk variasjon i ulike variantar av engelsk.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studentane følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse vert oppnådd ved sjølvstendig arbeid med pensum, førebuing til forelesingar og seminar, og gjennomføring av obligatoriske aktivitetar som er spesifiserte under «Obligatorisk undervisningsaktivitet»:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om aspekt ved det engelske språksystemet
  • har inngåande kunnskap om aspekt ved engelsk språkvariasjon, inkludert språklege trekk og underliggjande faktorar
  • har kjennskap til omgrep og terminologi som vert nytta i studiet av det engelske språksystemet og engelsk språkvariasjon

Ferdigheiter

Studentane kan

  • bruke språkdata til å diskutere, forklare og kontekstualisere språkstrukturar, -fenomen og -variasjon
  • skildre og analysere data som er relevant for språksystem og språkvariasjon
  • diskutere tema innan språksystem og språkvariasjon med eit presist omgrepsapparat
  • identifisere og skildre ulike omgrep og metodar som er relevante for språksystem, i arbeid med språkdata
  • skildre språkvariasjon med eit presist omgrepsapparat og bruke teoriar og metodar dei har lært på kurset
  • velje ut relevant informasjon frå ulike kjelder
  • knyte avanserte lingvistiske omgrep og teoriar til kjende omgrep og teoriar

Generell kompetanse

Studentane kan

  • tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig
  • bruke analytiske omgrep, teoriar og metodar i vitskaplege språkstudium
  • handtere og organisere ny informasjon og knyte den til kjend kunnskap
  • arbeide sjølvstendig, planleggje eige arbeid, nå mål og halde tidsfristar
  • uttrykkje seg på korrekt akademisk engelsk, både skriftleg og munnleg
  • vidareutvikle sine kunnskapar gjennom vidare studium av engelsk lingvistikk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men sjå «Tilrådde forkunnskapar».
Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages

Ein vil sterkt rå til at studentane har teke emna EXFAC00SK Språkkunnskap og ENG110 (Lydar og strukturar) eller tilsvarande kurs før dei byrjar på ENG120.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG120 redusert om emnet blir kombinert med ENG107 (5 poeng), ENG118 (5 poeng), ENG119 (5 poeng), ENG106 (15 poeng), ENG108 (5 poeng) eller ENG109 (5 poeng).
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students:

Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar: opp til 48 timar

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og bestått følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • ein kort presentasjon (individuelt eller i grupper)
  • ei skriftleg oppgåve, maks 500 ord
  • to fleirvalsoppgåver (ei i kvar modul)

Kva for modul som har kva for aktivitetar kan variere frå år til år.

Detaljert informasjon om oppgåvene, presentasjonane og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Eksamen er ein fem timars skoleeksamen i Inspera. Dei to modulane er vekta likt. For å bestå eksamen må begge modulane vere beståtte.

Studentar som ikkje har oppfylt dei obligatoriske krava (sjå «Obligatorisk undervisningsaktivitet») misser retten til å ta eksamen.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er berre vurdering i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Pensum omfattar ulike tekstar som er relevante i studiet av det engelske språksystemet og engelsk språkvariasjon. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.