Engelsk mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva er eit vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen til studenten, og kan med fordel ha tilknyting til eit av dei valde masteremna.

Læringsutbyte

Ved fullført mastergrad har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten - har vidareutvikla kunnskapen han/ho bringer med seg frå tidlegare studium i engelsk gjennom spesialiserte studium i engelsk lingvistikk og/eller engelskspråkleg litteratur og/eller kultur og/eller fagdidaktikk. - har brei generell kunnskap innanfor faget og inngåande kunnskapar innanfor eit avgrensa område - har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen

Ferdigheiter Kandidaten - kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar - kan setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet - kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye område innanfor faget -kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer - kjenner normene for akademisk skriving - kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet

Generell kompetanse Kandidaten - er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte - kan uttrykkje på engelsk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde - kjenner til relevante kommunikative sjangrar - kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester.

Studentane får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar. Dersom ein student bruker meir enn to semester på å ferdigstille masteroppgåva si, blir rettleiinga redusert. Studentar i sitt femte eller sjette semester på masteroppgåva har rett på ei gjennomlesing av heile masteroppgåva dersom den blir levert til rettleiar innan to veker før aktuell innleveringsfrist.

Work-in-progress seminar Studentar skal som ledd i arbeidet med masteroppgåva halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine Work-in-Progress-seminar for masterstudentar:

1. presentasjon av masterprosjektet

2. eit utkast til eit kapittel av masteroppgåva,

3. ein kommentar til kapittelutkastet til ein av dei andre studentane.

Ein ventar at studentane på ein aktiv måte tek del i seminarrekkja innanfor den valgde disiplinen, både ved å presentere eigne innlegg og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva, men det er óg ønskjeleg at dei tek del i første og andre semester.

Vurderingsformer

Kursdelen av masterstudiet må vere greidd før ein går opp til eksamen. Alle obligatoriske arbeidskrav må også vere oppfylte for at ein skal kunne gå opp til til eksamen.

Endeleg mastergradseksamen (d.v.s. innlevering av masteroppgåva og justerande munnleg prøve) kan gjennomførast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider (talet på ord i oppgåva må vere på mellom 25000 og 40000 ord).

Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med éin karakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Det er vurdering i begge semester.
Litteraturliste
-
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.